Frå paneldiskusjonen under poltisk møte om fjellandbruk 29 04 2013

Frå paneldiskusjonen under poltisk møte om fjellandbruk 29 04 2013

Politisk debatt om fjellandbruk

Den 29. april 2013 kom det i underkant av 50 personar frå Lom og Skjåk til Garmo grendahus for å diskutere landbrukspolitikk.

Ta del i debatten på Facebook-sida til Lom kommune!

Innleiande foredrag

Margrethe Lerfald, som medforfattar av NILF-rapporten om verdiskaping i landbruk, held eit innleiande foredrag med mykje tal som syner sysselsetjing, verdiskaping og ringverknader av landbruket på kommunenivå. Ho kom m.a. fram til at ein arbeidsplass i landbruket genererer 1,1 arbeidsplassar i tillegg. Skjåkværene og Lomværene kom med undrande spørsmål om kva som ligg i utrekningsgrunnlaget for verdiskaping. Konklusjonen var at tal i rapporten er eit forsiktig anslag som tydeleg viser landbruket si rolle i kommunane og for distriktet.

Lenke til Margrethe Lerfald sitt innleiingsforedrag.

Paneldebatt

I påfølgande paneldebatt deltok Anders Prestegarden, landbruksdirektør Fylkesmannen i Oppland (møteleiar), Kjetil Kjenseth for Venstre, Aud Hove for SP, Kristian Ekre for KrF, Jørand Ø. Lunde for Høgre, Eivind Øvrelid for Oppland Bonde- og Småbrukarlag, Trond Ellingsbø for Oppland Bondelag og Torun Heringstad for Mjøsen Skog. Det vart diskutert både dei store spørsmåla som oljeøkonomien, tollvern, «matmakt» og distriktsprofilen til norsk landbrukspolitikk. Og det vart diskutert andre tilhøve som behov for utdanning innan naturbruk, lovendringar, lønsemd, grovfôr- og kraftfôrbaserte produksjonar, auka matproduksjon og utvikling av kvalitetsprodukt.

Ta del i debatten

Tida gjekk fort mens paneldeltakarane diskuterte og det vart ikkje tid til alle kommentarar og spørsmål frå salen. Det var tydeleg at mange satt inne med tankar og replikkar, og oss lurar på om nokre av disse kan koma fram i etterkant. Engasjementet er viktig og positivt! Legg gjerne inn ein kommentar under Lom kommune sin profil på Facebook, send ein e-post eller ring til landbrukskontoret. Så skal vi prøve å ta det med vidare.
Tips ein ven Skriv ut