Sauekurs

Sauekurs

Populært sauekurs

Over 30 sauebønder frå Lom og Skjåk fekk i går kveld fagleg påfyll frå veterinærane Anne-Mette og Arne Kolden som hold engasjerande foredrag med temaer som er spesielt aktuelle no før lamminga og beitesesongen begynner.

Dette gjeldt mellom anna lamming og fødselshjelp, parasittar, førebyggande arbeid og vitaminer og mineraler. Når ein må hjelpe ei søye under lamminga må ein gå forsiktig fram og ein må veta kva ein gjer. Parasittar er det mogleg å kontrollere, og det er viktig å gjera det til rett tidspunkt for heile besetningen. Det har i seinare tid vore mykje fokus på tilsetjingsstoffa. Mange kraftfôrslag er no tilpassa behovet for makro- og mikronæringsstoffar. Her i Innlandet har vi også eit jordsmonn som gjer at grovfôret vanlegvis inneheld det meste dyret treng, men det er berre friskt gras som kan dekke behovet for vitamin E til sau. Gode slakteresultat og friske dyr tyder på at gardbrukarar gjer mykje rett, og det kan dei vera stolte over!

 

Sauehaldet har endra seg over tid. Sauen var tidigare ofte oppstalla i enkle fjos utan særleg ljos. I dag er besetningane større og dei er som vanleg oppstalla i betre fjos med ventilasjon, ljos, brannvarsling mm. Sauetalet i Lom har auka over lengre tid, og har vore relativt stabilt i seinare år: I 1979 var det 4148 sau og lam, i 1999 var det 7137 og for 2010 var talet 7575. Fleire gardbrukarar har i seinare år stilt om frå m.a. ku til sau, og fleire har starta med sau der det ikkje har vore dyr på ei stund. Sauen utnytter fjellbeitane våre i stor grad, er ein viktig faktor for å halde kulturlandskapet ope og er til trivsel for mange som går i fjellet. Sauehaldet i Norge er basert på svært gamle tradisjonar om å utnytte utmarka, og det er svært viktig å halde kunnskapen om denne i bruk for å bevare ein berekraftig måte å produsere mat på.

 

Takk til dyrlegane vore for at dykk deler kunnskap med oss, og ikkje minst for at dykk stiller opp når det trengs døgnet rundt og året rundt!

Tips ein ven Skriv ut