Positiv auke i Lom

Ei samla oversikt over talet på overnattingar i Nord-Gudbrandsdalen frå januar til september viser ein nedgang på 2,2 % frå 2011 til 2012 (www.statistikknett.com ). I Lom er det derimot vore ei auke på samla overnattingar på heile 9,6 %, den fjerde største auken i landet.
Positiv auke i Lom
Positiv auke i Lom

20. plass i landet

Det har vore mykje fokus på lav inntening og dårlege tider i reiselivsnæringa. Derfor er det positivt å registrere at ein samla sett har opplevd ei auke som gjer at Lom no ligg på ein 20. plass på den samla marknaden over overnatting i Noreg. Veksten kjem hovudsakleg innan camping og innan den norske marknaden skriv reisemålsselskapet Jotunheimen Reiseliv i ei pressemelding. Dersom vi ser Ottadalen under eitt har det vore ei auke i gjestedøgn på 4,78 prosent samanlikna med i fjor.

Imponerande

Administrasjonssjef Ola Helstad syns tala er imponerande, og at det demonstrerer kor viktig reiselivsnæringa er for Lom kommune. «Sjølv om vi registrerer negativ utvikling totalt sett for eit større område, så er det viktig å lære av desse tala og fokusere på det som er trafikkskapande i regionen vår» seier han.

Viss vi ser på fylkesvise samanlikningar så har Oppland fylke opplevd ei lita auke på 0,3 prosent samanlikna med i fjor, og har no ein marknadsandel på 9,7 prosent. Dette er nummer to i landet - berre Oslo har ein høgare marknadsandel. Sjå heile statistikkgrunnlaget på www.statistikknett.com.

Tips ein ven Skriv ut