NæringNM 2013

NæringNM 2013

Positiv framgang for Lom på NHOs NæringsNM

Lom har tatt eit kraftig steg oppover på rangstigen, og vart rangert som den andre beste kommunen i Oppland fylke i NHOs NæringsNM i 2013.
Dette betyr ei forbetring frå 270. plass i 2012 til ein sterk 75. plass i 2013. Gratulere!
 

Rangering i Oppland fylke

NHOs NæringsNM rangerer kommunane etter kor næringslivet gjer det best. Rangeringa er basert på bedriftenes vekst og lønsemd, nyetableringar og næringslivets relative storleik.

Dei fem beste kommunane i Oppland fylke er:

1 Lillehammer   
2 Lom   
3 Gjøvik   
4 Gran   
5 Vestre Toten

Dei fem dårlegaste kommunane i fylket er:

26 Øyer   
25 Dovre   
24 Øystre Slidre   
23 Vang   
22 Skjåk   

Lom har gått opp frå 270. plass i fjor til 75. plass i år. Hovudårsaken er betre tall på vekst og lønsemd enn tidlegare år.
Du kan lese meir om tallgrunnlaget og søkje opp resultat på fylke- eller kommunenivå ved å trykke på denne linken: https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Offentlig-sektor-og-naringslivet/Kommunekaringer/

 

 

God på lønnsemd, storleik og vekst - dårleg på nyetableringar

Her er rangeringa på kvart enkelt område i Lom:

Nyetablering: Nr. 396 (nr. 403 i 2012)
Lønsemd: Nr. 41 (nr. 176 i 2012)
Storleik: Nr. 69 (75 i 2012)
Vekst: 64 i landet (nr. 294 i 2012)

Vi kan derfor slå fast at vi har hatt eit positivt år med tanke på vekst, men at vi framleis er for dårlege på nyetableringar.
Dette gjeld ikkje berre for Lom - Nord-Gudbrandsdalen er faktisk den regionen som scorer dårlegast på nyetableringar. Dette har ein klar samanheng med befolkningsutviklinga i området vårt.

NHOs KommuneNM 2013

Denne rapporten rangerer norske kommunar og regionar etter ein rekkje indikatorar
som gir oss eit grunnlag for å vurdere lokal attraktivitet og vekstkraft for næringslivet. Dette gjeld både i forhold til befolkning og næringsutvikling i kommunane.
Det er fokusert på fem tema for å måle utsiktene til ei vekstkraftig utvikling:
• Arbeidsmarknadet: Ei forutsetning for vekst og verdiskaping er at innbyggjarar er
sysselsett og deltek i arbeidslivet.
• Demografi: Kommunar med befolkningsvekst og ein jamn aldersprofil vil vere
betre skodd for framtida enn kommunar med fraflytting og ein stor andel eldre.
• Kompetanse: Kompetanse, både i form av faglærte og høgare utdanning, er
viktige faktorar for kvaliteten i tenestetilbodet og næringslivets
konkurranseemne.
• Lokal bærekraft: Kommunar
som i størst mogleg grad får dekka utgiftene sine frå eit variert lokalt skattegrunnlag og
eigne inntekter, vil ha eit større lokalt handlingsrom til å gjere eigne
prioriteringer.
• Kommunal attraktivitet: Kommunenes utgifter og skatter, samt bruk av private
marknadsaktørar vil ha innvirkning for næringslivet sine vekstvilkår.

Lom fekk ei plassering "midt i" i NHOs KommuneNM for 2013, med ein 235. plass. Også her kom Lillehammer høgast i vårt fylke.

Du kan lese meir om denne rapporten her (same linken som ovanfor): https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Offentlig-sektor-og-naringslivet/Kommunekaringer/

Tips ein ven Skriv ut