Tilsetting i stilling som kommunalsjef

Pressemelding

Tilsetting av kommunalsjef i Lom kommune blir utsett. Administrasjonssjefen har i dag konkludert med at stillinga som kommunalsjef blir utlyst på nytt.
Grunngjevinga for dette er m.a. at det frå media har vorte stilt spørsmål om prosessen er gjennomført på tvers av grunnlaget i offentleglova.

For å unngå at slike spørsmål blir stilt i ettertid i høve denne stillinga vil kommunen lyse ut stillinga på nytt med søknadsfrist 23. juli. Utlysinga vil bli gjort på heimesida til Lom kommune.

Spørsmål vedr saka kan stillast til administrasjonssjef Ola Helstad på 97161865.

Lom 02.07.2012
Tips ein ven Skriv ut