Produksjonstilskot i landbruket

Produksjonstilskot etter søknadsomgang med frist 20. august 2014 vart utbetalt 4. februar 2015, totalt ca. 19,2 millionar kr til 139 søkjarar i Lom. Samanlikna med utbetaling i Lom året før er det utbetalt over 1,2 millionar kr dvs. ca. 6% mindre i år.

  tal på søkjarar 2014/2015 februar 2014 februar 2015 endring i %
Lom kommune, produksjonstilskot
Produksjonstilsskot husdyr 91/88 3.847.667 3.569.080 - 7,2
Arealtilskot grovfor 140/135 4.442.519 4.129.104 - 7,1
Kulturlandskapstilskot 141/136 3.832.056 3.705.756 - 3,3
Distriktstilskot mjølkeproduksjon 78/73 4.757.800 4.566.500 - 4,0
Bunnfrådrag 144/139 432.000 834.000 + 93,1
Produksjonstilskot totalt 144/139 20.616.602 19.402.509 - 5,9

 

Tabellen viser også at 5 mjølkeprodusentar har slutta med mjølkeproduksjon men vi veit at fleire satsar på produksjon av kjøtt enten basert på sau eller storfe. Lågare tal søkjarar og endra dyretal som kan variere frå år til år, kan forklare noko av endringa i utbetaling av tilskot for dyr og mjølkeproduksjon. Areal i drift derimot har vore stabilt fordi areal som vert ledig vert drivi av andre som har behov, og lågare utbetaling skyldast lågare tilskotssats etter siste jordbruksforhandlinga. Ei dobling av brunnfrådraget slår også negativt ut for alle søkjarar.

For ein «vanleg» mjølkeprodusent i Lom med eksempelvis 14 mjølkekyr og påsett som går m.a. på utmarksbeite, og grovfôrareal på 160 daa utgjør dette over 6.000 kr eller 3,3% mindre i tilskot samanlikna med satsane som galdt for året før.

Tilskotsbeløp som del av inntekt for gardbrukarar er enklare å samanlikna over tid enn inntekt frå produksjon av kjøtt, mjølk osv. fordi dette er avhengig av mange fleire faktorar som pris av både salsprodukt og driftsmidlar, vêrforhold, driftsfase, tiltak som fornying av eng osv.

Tips ein ven Skriv ut