park22

APRILSNARR 2016:

Prøveordning: Parkeringsavgift i Lom sentrum

I samband med at Lom kommune har søkt om å bli "typisk turiststad" på heilårsbasis, har det dukka opp moglegheiter for å løysa andre utfordringar for kommunen.

Godt forankra prøveprosjekt

I samband med søknaden kommunen har sendt inn om å bli turiststad på heilårsbasis, er det naturleg å nytta seg av alle moglegheiter dette gjev - og økonomisk:  

Frå og med 15. juni, til og med 15. september 2016 vil det å parkera bilen i Lom sentrum verta avgiftsbelagt.

Inntekta frå dette vil vera øyremerka realisering av eit parkeringshus i sentrum, i tillegg til å dekkja inn utgifter kommunen har til toalettvakter, landsbyvertar, og no - parkeringsvakter.

Lom kommune vil understreka at dette berre er eit prøveprosjekt. Argumentasjonen for å freista dette er tydeleg:

  • Lom kommune har særs mange turistar som er innom i sentrum i den aktuelle avgiftspliktige perioda.
  • Det er lett å halda ettersyn om parkerte bilar har betalt i eit "kompakt" sentrum som Fossbergom
  • Potensialet for inntekt er høgt.
  • Parkeringskaoset om sumaren er ei kjent utfordring i Lom sentrum

Føreslegne satsar:

Mån - Laur kl. 08:00 - 18:00

kr 13,- pr. time

Døgn: kr 150,-

tilleggsavgift for manglande parkeringsbevis: kr 800,-

Open for dialog

Helstaden_300x251.jpgAdministrasjonssjef Ola Helstad er open for innspel som gjeld den nye ordninga, men set strek under at dette er ei administrativ avgjerd, og at sjølv om ordninga i utgangspunktet berre er ei prøve - lyt både fastbuande og tilreisande førebu seg på at dette blir den nye normen om ein har ærend inn i sentrum. Han reknar med at dei fleste vil ynskje prøveprosjektet velkomen.

Gjeld ikkje alle

Innbyggjarar i Lom kommune skal ikkje betala parkeringsavgift. Iallefall ikkje innbyggjarar som allereie betalar eigedomsskatt. Betalar du eigedomsskatt vil du få tilsendt parkeringsoblat frå kommunen. Denne oblaten skal plasserast godt synleg i framruta til den parkerte bilen.

Dersom du kvalifiserar for å få eit parkeringsoblat lyt du melda dette inn på fyljande skjema:

 Skjema for bestilling av parkeringsoblat Lom kommune(lenke)

Tips ein ven Skriv ut