Framside/Tenester til deg/Helse og rehabilitering/Psykisk helse

Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk

Om tenesta:

Psykisk helseteneste  i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. I Lom  har vi  kontor på Gamle Loar. I Skjåk disponerer vi kontor på Skjåkheimen .

Tenesta har 4 tilsette i til saman 3.15 stillingar. Arbeidstid kvardagar mellom 8-15.30

Målgruppe

Målgruppe er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.

Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller   samansette helsevanskar  som gjer at du har vanskar med å fungere godt  i det daglege, både på arbeid og heime.

Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med ang din situasjon, hjelp til å sortere , nyorientering. 

Vi kan også yte teneste til  ungdom,  frå ungdomsskulealder og oppover som  kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konflikter  eller anna som grip om seg i kvardagen. 

Korleis du får kontakt med oss

Du kan sjølv ta kontakt med tenesta via telefon eller epost til leiar Håvard Å Svestad.

Fastlege kan henvise  eller du kan få hjelp av andre  til å ta kontakt. 

Dette skjer etter at du har teke kontakt med tenesta

Så snart vi kan,  og seinast innan 3 veker,  vil du få ein kontaktperson . Vi kan tilby snarlegare avtale dersom det er bruk for det.  Du får tilbod om 2-3 kartleggingssamtalar , vi gjer ei helheitleg kartlegging med fokus på psykisk helse.   Du vil også få ei informasjonsbrosjyre. 

Dersom du og kontaktperson  etter kartleggingssamtaler meiner at psykisk helseteneste kan bidra i endringsarbeidet ditt , vil kontaktperson drøfte din situasjon /di sak  i tenesta. Det vil  i samråd med deg bli utarbeidd ein enkel behandlingsplan med mål om kva du ynskjer å endre, korleis dykk skal arbeide og tidsperspektiv/evaluering. 

Dersom du har behov for fleire tenester, til dømes frå Nav, fysioterapeut, heimesjukepleie  eller andre, rår vi til å opprette ei ansvarsgruppe med ein koordinator. Dette for å sikre at tenestene dine vert  samordna . 

Metodar /arbeidsmåtar

Det er du sjølv som er  den viktigaste aktøren i  endringsarbeid for å fungere betre i kvardagen.  Brukarperspektivet legg til grunn at førebygging, kartlegging og behandling skal ta utgangspunkt i brukarens kunnskap, ynskjer og mål. 

Pårørande og nettverk  er også ein ressurs både for deg og dei ulike helsetenestene. 

Dei tilsette i psykisk helsearbeid i Lom og Skjåk

  • Håvard Åmot Svestad   er fagleg og administrativ leiar, arbeider kvar dag og har tlf 48 14 90 62
  • Aud Kroken arbeider kvar dag og har tlf 48 02 72 61
  • Torill Jonsson  arbeider måndag, tysdag, onsdag og torsdag og har tlf 95 98 25 96
  • Kari Ramen arbeider måndag og onsdag og har tlf 40 03 10 89
Tips ein ven Skriv ut