Framside/Politikk/Budsjettutvalet/Referat våren 2011

Referat frå møtet i budsjettutvalet 17. mars 2011

Til stades:
Odd Arne Kroken (Sp), Anne-Lise Marstein (Ap), Magny Hilde (uavhengig), Beate Stø (Sp), Torbjørg Graffer Myrhaug (Sp).
Frå administrasjonen: Egil Haug og Karl Viggo Waldersløw (referent).

1. Bakgrunn

Utdrag frå budsjettdokumentet for 2011:
"Budsjettutvalet foreslår at styringsgruppa for fleirbrukshall får i oppdrag å vurdere tiltak for prosjektet for å koma inn under gjeldande ramme i økonomiplanen, korrigert for prisstiging og kostnader til byggjelån. Styringsgruppa får og i oppdrag å leggje fram vurdering av driftsbudsjett og finansiering av fleirbrukshall innan denne ramma. Frist: 1. februar 2011.
Det vert lagt inn 84 millionar kroner i økonomiplanen for 2012 til 2014."

Styringsgruppa for fleirbrukshus har lagt fram overslag over investeringar og drift av huset. Oppdraget for budsjettutvalet er å få på plass finansiering av fleirbrukshus og 4,5 mill til auka driftsutgifter. Vi lufter idear og diskuterer utkast frå administrasjonen.

2. Orientering frå administrasjonen om inntektspotensial

2.1 Utbygging av Smådøla

Inntektspotensial på omlag 1 million kroner årleg.

2.2 Eigedomsskatt

Det er lenge sidan eigedommar er takserte, ny taksering i løpet av dette året kan gje auke i inntekter. Det er eit potensiale på omlag 500 000 kroner i årleg auke i inntekter på eksisterande eigedomar. Innføring av eigedomsskatt i heile kommunen har eit potensiale på om lag 1,8 millionar kroner i tillegg.

3. Fastsett grense for bruk av kraftinntekter

Vi har sett ei øvre grense for bruk av kraftinntekter på 6,5 millionar kroner. Overskytande går til fond. Budsjett utvalet vurderer å vi auke dette til 7,5 millionar kroner, der 1 million er øyremerka drift av fleirbrukshus. Administrasjonen peika på at kraftinntektene er usikre, og viste til reduksjonen på ca 8 millionar kroner i rekneskapsåret 2010. Administrasjonen vart beden om å undersøk nye prognoser for kraftinntekter.

4. Rentenivå

I prognosen for driftskostnader er det lagt inn dagens rentenivå.

5. Oppvarming ved varmekraftverk basert på flis

Orientering frå Terje Hoel: Terje Hoel delte ut statusnotat. Eidefoss gjorde eit omfattande forprosjekt i 2007 som synte at det ikkje var lønsamt med varmekraftverk basert på flis i sentrum. Klima- og energiplanen forutsett slikt anlegg innan 2015. Vi ba Eidefoss å gå gjennom utrekningane basert på nye føresetnader med fleirbrukshall og omsorgsbustader på Kulihaugen. Eidefoss-rapporten konkluderer med at det no er lønsamt. Det er nokre føresetnader før det kan byggast, mellom anna reguleringsplan og kommunedelplan for Fossbergom. Konsekvensanalyse og andre utgreiingar om mellom anna lokalisering kan forsinke prosessen. Det kan vera aktuelt med planvedtak for kommunedelplanen hausten 2012. Før byggeløyve må det vera avklara varmeløysing, og det er ikkje lenger lovleg med oppvarming ved hjelp av berre fossilt brensel eller straum i slike store bygg. Det er og krav om ei reserveløysing for oppvarming. I fleirbrukshuset skal det etter planen vera vassbåren varme varma opp med varmepumpe. Det ligg soleis vel til rette for oppvarming ved hjelp av eventuelt varmekraftverk kor varmepumpa vert reserveløysing.

6. Innsparingar

6.1 Innsparingar i drift ved sal av kommunale bygg

Budsjettutvalet syner til budsjettvedtaket med ønskje om eiga sak om eventuelle sal av kommunale bygg. Det kan gjelde: - Klokkargarden - Eggjalia - Odda skule

6.2 Andre moglege innsparingar i drift

Utvalet ber om orientering frå administrasjonen om moglege innsparingar.

7. Seinare møte

Onsdag 27. april kl. 12. Fredag 20. mai kl 12.
Tips ein ven Skriv ut