Regionrådet

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.

Lenkje til nettstaden til regionrådet.

Politisk samarbeid

Regionrådet er eit politisk organ som skal fremje regionen sine interesser gjennom å:
* legge til rette for næringsutvikling. Det skal leggjast særleg vekt på arbeidet for å gjera regionen attraktiv for nyetableringar, og å vidareutvikle eksisterande næringsliv.
* drive politisk interessearbeid for i størst mogleg grad å påverka fylkeskommunale og statlige styresmakter i distriktspolitiske spørsmål.
* arbeide for interkommunale samarbeidstiltak til beste for innbyggjarane i regionen.
* arbeide for å profilere regionen som ein god tilflyttarregion.

Samansetting

Regionrådet er sett saman av to medlemmer frå kvar kommune, og to frå Oppland fylkeskommune. Representantene frå kommunen er ordførar og ein frå kommunestyret. Representantene fra fylkeskommunen og fylkesmannen har tale- og forslagsrett. Begge kjønn skal være representerte, både frå kommunane og frå fylkeskommunen.

Simen Bjørgen er leiar i Regionrådet

Ordførar i Lom kommune, Simen Bjørgen, er valt til leiar i regionrådet fram til 31.12.2009.

Medlemmane i Regionrådet 2007-2011

Lesja kommune: Per Dag Hole (vara Heidi Vognild) og Elin Randi Johnson (vara Svein Nilsplass)

Dovre kommune: Bengt Fasteraune (vara Oddny Garmo) og Else Hole Ulekleiv (vara Per Arnold Backe)

Sel kommune: Dag Erik Pryhn (vara Ola Rune Kleiven) og Ragnhild Næprud (vara Kåre B. Hansen)

Vågå kommune: Rune Øygard (vara Steinar Jøråndstad) og Astrid Marie Sveen Løkken (vara Iselin Vilhelmsen)

Lom kommune: Simen Bjørgen (vara Johanne Hellebergshaugen) og Mai Bakken (vara Magny Hilde)

Skjåk kommune: Rolv Kristen Øygard (vara Kari Anne Skjaak) og Astrid Gjertsen (vara Kjell Kvålshagen)

Oppland fylkeskommune: Mariann Isumhaugen og Jøran Ødegaard

Arbeidsutvalet

Regionrådet sitt arbeidsutval består av ordførarane i dei seks kommunane, med varaordførarane som personlege vararepresentantar. Ein representant frå rådmannsutvalet har møte- og talerett. I følge samarbeidsavtalen kan arbeidsutvalet avgjere saker av "ikkje prinsipiell regionalpolitisk karakter".

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932

Eksterne