Regionplan for helsesamarbeid i Nord-Gudbrandsdal

Høyringsforslag med høyringsfrist 24. februar

Føremålet med planen er å kartlegge og analysere sentrale, felles utfordringar i regionen innanfor områda folkehelse og helse og omsorg, og foreslå tiltak innan område det er nyttig å samarbeide om for å møte morgondagens utfordringar.

Fagfolk, innbyggjarar og lag og organisasjonar i Lom kommune blir oppfordra til å koma med innspel/uttale til planutkastet innan 24. februar 2012. Det er planlagd handsaming av saka i kommunestyra i regionen før sommaren 2012.

Les meir og kom med dine innspel.