Reguleringsplan for Gjeisar bustadområde - revisjon 2011. Planforslag til høyring og offentleg ettersyn

Lom formannskap har i møte 28.06.11 gjort slik vedtak om å leggje ut forslag til reguleringsplan til offentleg ettersyn og høyring – sak 52/11.

Her finn du: Plankart, planføresegnersakspapir, NGI-kart sikringsvoll, NGI Forprosjekt, Planbeskrivelse

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 blir privat forslag til Reguleringsplan for Gjeisar med planskildring, plankart og føresegner oppdatert 21.06.11 lagt ut til offentleg ettersyn og høyring, med uttalefrist minimum 6 veker frå kunngjeringsdato.

Arealet er vist som bustadområde i gjeldande kommunedelplan for Fossbergom frå 2003, og er ein revisjon av gjeldande reguleringsplan som vart vedteken i kommunestyremøte 22.06.06. Forslaget er i stor grad vidareføring av gjeldande plan, men planområdet er utvida for regulering av nytt tiltak, rassikringsvoll, i sør. Det er og gjort enkelte endringar og oppgradering av planinnhald i høve til ny planlov av 2008. Planområdet er litt utvida oppover lia i høve til oppstartvarselet for å få rom for sikringstiltaket innan reguleringsområdet. Ingen nye partar blir råka av utvidinga.

Merknader til planforslaget kan sendast til: Lom kommune, 2686 Lom, eller til post@lom.kommune.no innan 12. august 2011.
Tips ein ven Skriv ut