Kom med innspel, frist 14. april 2011

Reguleringsplan for Lom fleirbrukshus

I formannskapet 3.2.2011 vart det gjort vedtak om iverksetting av detaljprosjekt for fleirbrukshus i Lom. Før bygging av fleirbrukshus er det naudsynt og gjere eit reguleringsplanarbeid, der det vil bli arbeidd med løysingar for sikker tilkomst for gåande, syklande og køyrande, parkering, o.a. infrastrukturtiltak, og for å sikre god visuell tilpassing i området.
Frist for å kome med innspel til reguleringa er sett til 14.04.2011.
Oppstart av planarbeidet er varsla med annonse i Fjuken 3.3.2011. Lom kommune er ansvarlig for planarbeidet, kontakt arealplanleggar Øyvind Sødal om du har spørsmål kring planarbeidet, på telefon 61 21 73 32, eller e-post: oyvind.sodal@lom.kommune.no Innspel/merknadar kan sendast til: Lom kommune Midtgard 2686 LOM

Dokument i saken

Kart med planavgrensing, (pdf-fil, 115KB). Skisse frå forprosjekt, (pdf-fil, 3,26MB). Varslingsbrev, (pdf-fil, 19KB).
Tips ein ven Skriv ut