Reguleringsplan for Lom fleirbrukshus

Kommunestyret godkjente 08.09.2011 Reguleringsplan for Lom fleirbrukshus. Planinnhald og prosess går fram av plankart, planføresegner, planskildring og sakspapira. Formålet med planen er å avklare detaljet arealbruk som legg til rette for eit velfungerande og framtidsretta skule- og idrettsområde.

Kommunestyrets godkjenning kan påklagast i h.h.t. plan- og bygningslova § 1-9, jfr. forvaltningslova kap. VI.

Evt. klage settast fram skriftleg til Lom kommune, Midtgard, 2686 Lom, innan tre veker frå kunngjeringsdato.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må settast fram skriftleg innan 3 -tre- år frå denne offentlige kunngjering av vedtaket, jfr. plan- og bygningsloven § 15-3.

Tips ein ven Skriv ut