Reguleringsplan for området ved Juvasshytta og Klimapark 2469 - melding om planvedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 har Lom kommunestyre den 30.06.2011 godkjent ”Reguleringsplan for området ved Juvasshytta og Klimapark 2469”. Planområdet ligg innanfor gjeldande reguleringsplan for området Juvasshø – Juvasshytta – Galdhøpiggen Sommerskisenter, vedteken av Lom kommune 22.02.2007, godkjent i Miljøverndepartementet 09.03.2009.

Formålet med planen er å leggje til rette for gjennomføring av Klimapark 2469, eit område for formidling og forskning omkring globale klimautfordringar sett i samanheng med lokal avsmelting og funn av kulturminne. Planen vil samtidig ivareta aktuelle miljøomsyn i eit sårbart og eksponert høgfjellsområde med store kvartærgeologiske verdiar og mange automatisk freda kulturminne.

Her finn du: Plankart, reguleringsføresegner, saksdokument

Vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå kunngjeringsdato, jf. plan- og bygningslovas §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova. Klageinstans er Fylkesmannen i Oppland. Eventuell klage skal sendast Lom kommune, 2686 Lom, eller post@lom.kommune.no.

Tips ein ven Skriv ut