Reguleringsplan for Ulstad bustadområde - varsel om oppstart av planarbeid

Med heimel i plan- og bygningslovas § 12-8 blir det sett i gang planarbeid for Ulstad bustadområde. Planarbeidet omfattar revisjon av delar av gjeldande reguleringsplan vedteken 04.09.1985 og regulering av nytt område for oppfølging av tilrådd rassikringstiltak ovafor bustadområdet. Planområdet omfattar i alt ca 168 daa mellom eigedommane Ulstad Søndre (70/7) og Steine (40/9). Om lag 38 daa av dette er brattlendt skogsmark/rasmark som ikkje er regulert tidlegare. Vidare blir følgjande delar av gjeldande reguleringsplan for Ulstad teken opp for revisjon, jf. Pbl § 12-14: det utbygde bustadfeltet og næringstomta gnr/bnr 70/4, Ulstad midtre som er utbygd for reiseliv/utleiehytter, med tilhøyrande vegnett/infrastruktur. Øvrig næringsareal i gjeldande plan inngår ikkje i revisjonen.

Innspel til oppstartvarselet kan sendast til: Lom kommune, 2686 Lom, eller til post@lom.kommune.no innan 2. september 2011.

Kontaktperson Kari Sveen, tlf 61217328.

Her finn du: Oppstartbrev, særutskrift, plangrense

 

 

Tips ein ven Skriv ut