Renovasjon

Henting av avfall og gjenvinnbare fraksjonar frå abonnentar på renovasjonsordninga for Lom kommune og privat levering til Lom miljøstasjon.

Lom kommune er med i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR).

Abonnentane blir oppmoda om å sortere avfallet mest mogleg og nytte seg av moglegheitene for levering til miljøstasjonen. Informasjon om sortert avfall som kan leverast gratis og mot betaling på miljøstasjonen, finn ein i hentekalenderen eller på orienteringstavle på miljøstasjonen.

Høg grad av sortering gjev mindre restavfall - dvs. mindre kostnader som i neste omgang kjem abonnentane til gode.

Gebyr for renovasjon - bustad
Type abonnement Talet på sekker pr. år Pris
A-abonnement 36 2 500,-
B-abonnement 48 2 887,50
C-abonnement 24 2 187,50
Regulativ for hytte, fritidshus og sæter
Gruppe Type bygning
Gruppe 0 Bygning mindre enn 12m2 - friteke for gebyr.
Gruppe 1 Bygning med enkel standard, med oppvarming og som kan brukast til overnatting.
Gruppe 2 Bygning med enkel standard som ikkje kjem inn under gruppe 0, 1 eller 3.
Gruppe 3 Bygning med høg standard, tilnærma bustadstandard, større enn 50 m2, tilkopla straum, vatn og avlaup og som ligg inntil 200m frå heilårsveg.

Gebyr for renovasjon - hytte, fritidshus og sæter
Type abonnement Talet på sekker pr. år Pris
Hytte / fritisdhus / sæter, enkel standard, gruppe 1 12 250,-
Hytte / fritisdhus / sæter, enkel standard, gruppe 2 12 537,50
Hytte / fritisdhus / sæter, høg standard, gruppe 3
12 900,-

Nokre andre prisar

Tillegg for henteavstand 10 - 20 meter: 375,- pr. år
Tillegg for henteavstand 21 - 30 meter: 625,- pr. år
Kjøp av rull med 12 sekker: 468,75
  • Målgruppe for tenesta

    • Eigarar/bebuarar på eigedom i Lom kommune - privateigedomar eller bedrifter - omfatta av kommunal renovasjonsordning
  • Slik får du tenesta

    • Sekkeabonnentar - heilårsbustader og fritidshus/hytter der det ikkje er utplassert oppsamlingscontainer - plasserar sekken ved veg som blir trafikkert av henterute.
    • Henteavstand er maks 10 m frå veg som henteruta køyrer. For henting av sekk utover denne avstand gjeld særskilte tilleggssatsar.
    • Eigarar av fritidshus/hytter/sætrer som ligg i område med utplassert oppsamlingscontainer, leverar avfallet til denne.
    • Bedrifter er ikkje pålagt å nytte den kommunale renovasjonsordninga men kan tinge abonnement direkte frå NGR, eller få sekkeabonnement gjennom kommunen etter nærare avtale med NGR.
    • Sekk som ikkje er av godkjent type (sekk med logo frå NGR) blir ikkje teke med av henteruta.
  • Skjema og dokument

    • Renovasjonskalender i lenkeboksen på høgre side.
  • Kontakt

    • Teknisk kontor Midtgard ved Odd Arve Strandi
  • Kontakt e-post

  • Kontakt telefon

    • 61 21 73 29
  • Lovgrunnlag

    • Lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureining og om avfall kap. 5, med endring i lov av 11. april 2003.
    • Forskrift for kommunal renovasjon, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja kommunar - FOR 2009-10-12 nr 1467 gjeldande 01.01.2010.
  • Rett til å klage

    • Abonnentar som vil klage i samband med renovasjonsordninga sender denne skriftleg til Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM.
    • Bedriftsabonnentar sender klage direkte til NGR.