Framside»Tenester til deg»Friviljugsentralen»Rickshawsykkel
800CROP600_8187 kopi

Informasjon gjeldande Rickshawsykkelen

12. mai 2016

Friviljuge som ynskjer å ta med bebuarar/brukarar i pleie- og omsorgssektoren ut på sykkeltur, ringjer 48 89 64 77 (vakttelefonen ved Lom helseheim) for å gjere avtale.

 

Skjermbilde 2016-04-20 kl

VEKEPLAN RICKSHAWSYKKEL LOM KOMMUNE 2016

20. april 2016

•    Sykkelen står parkert i carport utanfor institusjonen og skal stå tilkopla straum

•    Ta kontakt med personalet institusjon avdeling 1 for å få nøklar og for å registrere deg i sykkelboka. Telefon institusjon: 48 89 64 77

•    Hjelm og reflexvest er påbode og ligg i sykkelen

•    Instruksjonar for bruk av sykkelen ligg i sykkelvogna

•    Personalet: Ta ansvar for at det er fylt ut samtykkeskjema

•    Ta med varmt pledd. Vindtrekk ligg i sykkelvogna.

•    God tur!

Skjermbilde 2016-04-18 kl

Gladmelding!

Saman på sykkel:

18. april 2016

Pleie og omsorg i Lom har motteke ein rickshaw el. sykkel frå Gjensidigestiftinga «Sammen på sykkel» etter initiativ frå folkehelsekoordinator i kommunen, Reidun Øvre Øygard. «Saman på sykkel» er ein ideell organisasjon med mål om å bidra til auka folkehelse i Noreg. Visjonen er å få ein lovfesta pasient- og brukarrett for å kome ut i frisk luft kvar dag.