Roboten, lærarane Solveig og Grete blir filma av NRK sin Even Lusæter

Roboten, lærarane Solveig og Grete blir filma av NRK sin Even Lusæter

Robotbruk på Loar i media

Heimeundervisning gjennom robot er nytt. Loar er tidleg ute, og media er interesserte. Avisene har slege det stort opp. Nrk har vore her. Fylg med i Østnytt denne veka

Roboten liknar kanskje ikkje på ein heilt vanleg elev!
Roboten liknar kanskje ikkje på ein heilt vanleg elev!

Ei fluge på veggen

Avisene var fyrst ute med store oppslag om nyvinninga. Fjernsynet var heime hjå Emma og på skulen før helga. Reportasje i Østnytt kjem truleg onsdag kveld, men fylg med kvar kveld for å vera sikker.

Det heile starta med at foreldra til Emma fekk tilbod om å prøve ut nyvinninga for henne, sidan ho må vera borte frå skulen eit halvårs tid. Ho treng då heimeundervisning.  Normalt ville det bety stutt samver med ein lærar heime ein gong i veka for informasjon, innføring i nytt stoff o.a..  Det ville bety isolasjon frå klassa.

I staden får Emma no vera med i skulekvardagen, både inne og ute, gjennom ein robot på skulen. Ho ser og høyrer det som skjer. Ho kan prate, stille spørsmål og "vera med" som ei fluge på veggen, så å seia.

Dei andre elevane er vant til roboten - NRK filmar med stor iver
Dei andre elevane er vant til roboten - NRK filmar med stor iver

Nyttig hjelpemiddel - men det blir godt å få att Emma!

Både Emma og heimen har vore svært positive i denne prosessen. Det same har dei andre elevane i klassa og heimane deira.  Det har difor vore ei sann glede for skulen å få ta i bruk dette hjelpemiddelet, som vi har svært god erfaring med.
Det har vore ei spennande utfordring for klasselærarane, som også har takla det på same, positive måten som elevar og foreldre.

Gjennom dette har historia om Emma og roboten blitt ei solskinshistorie frå Loar skule, ei historie vi gjerne deler med både media og alle som elles måtte vera interesserte.
Roboten er eit svært nyttig hjelpemiddel i ein heimeundervisningssituasjon.  Men når det er sagt, må vi også leggje til at det skal bli godt å få den ekte Emma attende på skulen i eigen person når tida er mogen.

 

Emma og roboten i media: 

Fjuken

GD(krev innlogging)

Tips ein ven Skriv ut