Lom Kommune Aktuelt
Eitt steg nærare utbygging av Smådøla
 <description>Lom kommune har mottatt melding frå NVE om at deira handsaming av søknaden frå Eidefoss AS om utbygging av Smådøla kraftverk nå er ferdigstilt. NVE tilrår Olje og Energidepartementet å imøtekoma søknaden, og det blir opp til dei å ta endeleg standpunkt i saka. Som kjent har eit samrøystes kommunestyre i Lom gått inn for denne utbygginga. Meir informasjon på nettstaden til NVE.</description>
Kurs i beitebruk våren 2011
 <description>Påmeldingsfrist: 4. april 2011 til landbrukskontoret i Lom eller Vågå/Sel. Beiting er den rimelegaste måten å hauste på. Både inn- og utmarka er ein viktig ressurs for husdyrbrukarar men også dyrka mark vert nytta til beite t.d. i sommarmjølkeproduksjon. For å oppnå eit godt resultat med tanke på avling, tilvekst/produksjon, overvintring og å motvirke attgroing trengs det mykje kunnskap og erfaring. No har du moglegheit for å utvide kunnskapen din og du kan utveksle erfaringar med andre. Meld deg på dette gratis kurset, ikkje gløym å spørje om dei som kanskje ein dag skal ta over, vil vera med! Du har også moglegheit for å ta oss med ut i eit område, t.d. gamal beitemark, der du ynskjer innspel frå oss og Ann Norderhaug som har lang erfaring med skjøtsel av gamle kulturmark. Meld frå til landbrukskontora om du er interessert i at Ann Norderhaug og vi på landbrukskontora kommer og ser på areal som du ynskjer å restaurere. Vi kan ved ei synfaring gje faglege råd og hjelpe til med å søkje om tilskot.</description>
Investerings- og utviklingstilskot til daglegvarebutikk i Lom
 <description>Coop Marked Bøverdalen er ein av 175 daglegvarebutikkar som får tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet til investering og utvikling. Det har vore hard konkurranse om midlane, og Coop Marked Bøverdalen får totalt 82.000 kroner.</description>
Alt er som før på prisløna bakeri
 <description>Morten vann først Bygdeutviklingsprisen i Oppland, der var prisen ein sum på 50 000 kroner. Han skal stenge bakeriet et par dagar og ta med seg personalet på ei reise. Og denne veka vann han til og med den nasjonale Bygdeutviklingsprisen der premien var på 200 000 kroner. - Vi som tilsette merkar ingen forskjell etter at han har vunne desse prisane, seier Rosmari Kirkeby i det ho er oppteken med arbeidet. Morten blir kanskje litt meir opptatt med telefonar og intervju framover, men han står på som før for å drive bakeriet.</description>
Planlegg tur for dei tilsette for prispengane
 <description>- Eg er glad for denne prisen, seier Morten Schakenda, men denne utmerkinga går ikkje berre til meg, men til alle oss på Bakeriet i Lom. - Prispengane på 50.000 kroner skal gå til å stenge bakeriet eitt par dagar slik at vi alle kan dra på ein studietur. Vi veit ikkje enno kor vi skal dra, men vi skal sette oss ned saman for å planlegge dette, seier ein glad Morten Schakenda.</description>
God utvikling i reiselivet
 <description>Statistisk sentralbyrå (SSB) har lagt fram statistikk som syner ein klar framgang i talet på overnattingsdøgn i Lom. I 2009 var det ei auke på meir enn 11.000 overnattingsdøgn (ein framgang på 7,0%) og så langt i år er det ei auke på heile 14,2%. - Dette er spesielt gledeleg i og med at Galdhøpiggen summarskisenter har måtta halde stengt store delar av sumaren. Trafikken har likevel vore svært stor, seier ein godt nøgd ordførar Simen Bjørgen i ein kommentar til statistikken.</description>
Kandidatar til næringspris
 <description>Lom kommune ber om forslag på kandidatar til Næringsprisen. Frist for innsending av forslag er 20. mai 2010.</description>
Positiv omtale av Lom
 <description>Ole Robert Reitan i REMA-gruppen trekte fram Lom som eit godt eksempel i NRK sitt program Spekter 10. mars. Da Reitan i programmet vart bede om å trekke fram to pene REMA-butikker i landet valde han Oppdal og Lom. -Lom er ein trivleg stad, og kommunen har enkle, greie og forutsigbare reglar, seier Reitan. Det vart samstundes påpeikt at dette var organisert på ein svært lite byråkratisk måte.  Sjå NRK-programmet her:</description>