Skuleåret ved Lom ungdomsskule starta med samling rundt blodbjørka som er planta til minne om ofra etter 22/7

Skuleåret ved Lom ungdomsskule starta med samling rundt blodbjørka som er planta til minne om ofra etter 22/7

Lom ungdomsskule si markering av 22.juli

Rundt blodbjørka

Lom ungdomsskule starta det nye skuleåret rundt blodbjørka skulen har planta som minnesmerke over ugjerninga 22.juli.

8.kl. rundt blodbjørka
Fyrst sa rektor Tore Mundal nokre ord om kva som skjedde denne dagen som ikkje minst har brent seg inn i minnet til ungdomsskuleelevar. Mange av ofra var på deira eigen alder. Deretter fortalde Tore at blodbjørka som er planta symboliserer med sine blodraude blad udåden på Utøya, men at treet si kvite stamme er uttrykk for håp om eit betre samfunn med likeverd, mangfald og toleranse. Markeringa vart avslutta med eitt minutts stillheit. Seinare blir det sett opp skilt ved minnesmerket.
Tips ein ven Skriv ut