Eit prosjekt som skal sikre god kompetanse og gode tenester

Saman om ein betre kommune

Sist måndag var om lag 50 politikarar, tilsette og tillitsvalde i Lom kommune samla i Fjellmuseet med kompetanseutvikling som tema. Ordførar Bjarne Eyolf Holø opna samlinga med å seie at krav til kompetanse i kommunane vil auke på grunn av endringar i framtida.
- For at vi skal kunne fortsette å gje tenester med god kvalitet, er det viktig at vi har rett kompetanse i organisasjonen. Det er avgjerande at vi både kan rekruttere dyktige folk, men og at vi kan halde på flinke tilsette og vidareutvikle den kompetansen dei har, sa Holø.
På biletet ser du Kristen Dalby, representant frå arbeidstakarorganisasjonane i prosjektet Saman om ein betre kommune
På biletet ser du Kristen Dalby, representant frå arbeidstakarorganisasjonane i prosjektet Saman om ein betre kommune

Samansett kompetanse i kommunane

Kristen Dalby som representerer arbeidstakarorganisasjonane i ressursgruppa i prosjektet tok for seg nokre utfordringar og viktige perspektiv.
Han peika først på at det knapt finst organisasjonar i Noreg med så samansett kompetanse som kommunane og heldt fram med to spørsmål:
- Er kommunane i stand til å ta ut effekten av den samla kompetansen og vert kompetansen delt på tvers av sektorane?


Utfordringar og perspektiv
Kristen Dalby presenterte nokre hovudutfordingar:

  • Stor auke i talet på eldre
  • Samhandlingsreformen
  • Konkurranse om arbeidskraft
  • Kommunen sitt omdøme som arbeidsgjevar
  • Små og svake fagmiljø
  • Demografiske skilnader mellom kommunar med vekst og kommunar med fraflytting

Han heldt fram med nokre viktige krav til kommunane på bakgrunn av nye oppgåver

  • Gode ordningar for lærlingar
  • Godt omdøme som arbeidsgjevar
  • Heiltidsstillingar til alle som ynskjer det
  • Tiltak for etter- og vidareutdanning
  • Robuste fagmiljø

Så nokre grunnleggjande idear for læring

  • Arbeidsplassen må vera den viktigaste arenaen
  • Det må vera ei målretta satsing på kompetanse
  • Det må vera tett samarbeid med vekt på dialog mellom partane i arbeidslivet
  • Kompetanse må vera i sentrum
  • God leiing
Førsteamanuensis Svein Bergum frå HiL med teoretisk påfyll om kompetanseplanlegging
Førsteamanuensis Svein Bergum frå HiL med teoretisk påfyll om kompetanseplanlegging

Teoretisk ballast om kompetanse

Førsteamanuensis Svein Bergum ved Høgskolen i Lillehammer ga ei innføring i teori om strategisk kompetansestyring.

- Hovudbodskapen er at tiltak på området må vera i samsvar med organisasjonen sine mål og at utvikling av kompetanse må vera ein prosess kor evaluering er viktig, sa Bergum før han ga forsamling nokre stikkord omkring kompetanseanalyse.




  1. Først må man ta utgangspunkt i organisasjonen sine overordna mål
  2. Etter det kan man definere krav til kompetanse framover
  3. Så ein oversikt over kva for kompetanse man har i organisasjonen
  4. Slik får ein fram kva ein manglar av kompetanse (kompetansegap)

Punkta over gjev grunnlag for å utforme ein strategi for korleis ein dekker kompetansegapet

  1. Involvering av medarbeidarane
  2. Investering i medarbeidarane
  3. Kompetansemobilisering ved å bruke eksisterande kompetanse som ikkje er teken i bruk
  4. Rekruttere nye medarbeidarar
Biletet syner Ina Kathrine Ruud, fagdirektør i KRD
Biletet syner Ina Kathrine Ruud, fagdirektør i KRD

Prosjekt for å sikre god tenester med god kvalitet

Fagdirektør i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), Ina Kathrine Ruud presenterte prosjektet ”Saman om ein betre kommune” som eit landsomfattande prosjekt med sekretariat i KRD. I tillegg til mange kommunar er arbeidsgjevar-organisasjonen KS med og arbeidstakarorganisasjonane YS kommune, Unio, LO kommune og Akademikerne. Prosjektet er delt i ulike tema og Lom er med i gruppa som tar for seg kompetanse og rekruttering. Anita Fosstuen, Åste Gudbrandsen, Egil haug og Hilde Vikan er med i prosjektgruppa i Lom.
Tips ein ven Skriv ut