Framside/Tenester til deg/Friviljugsentralen/Aktivitetar
Seniordans på Lom helseheim.

Seniordans på Lom helseheim.

Seniordansegruppa har øving kvar torsdag.

Seniordans i Storstugu på Lom Helseheim.

Seniordanse gruppa møtas på Lom Helseheim kvar torsdag kl.11.30. Dansetrening og sosialt samvære. Dansegruppa ynskjer at fleire kan delta på dansen. Møt opp på Lom Helseheim el. ta kontakt med danseleiarane Thea Gjeilo og Eldri Bakke.

Mange er glade i å danse, men manglar nokon å danse med. I seniordans er det ikkje noko problem, utfordringa med manglande dansepartnar løyser dei ved hjelp av raude og blåe bånd.Har ikkje noko å seie om du er kvinne eller mann. Det dansast i ring eller rekkje og dansepartnarane skifter til stadigheit. Dyktige instruktørar syrgjer for at både gamle og nye dansar "sit" som dei skal, og at alle får med seg alle "dansetrinn" i alle dansane. Musikken er veldig variert og fengande.

 

Ca.15-18 seniordansarar møtas kvar torsdag på Lom Helseheim kl.11.30. Dansetrening og kaffe og biteti. Seniordansarane deltek på landssamlingar og dansetreff i saman med andre seniordansegrupper. Seniordans er ein fin form for trim, ein god helsegevinst.

Les meir om seniordans.

 

  • Målgruppe for tenesta

    • Innbyggjarar i Lom, over 55 år.
  • Slik får du tenesta

    • Kvar torsdag kl.12, på Lom Helseheim.
  • Kontakt

    • Kontakt person Eldri Bakke.
  • Kontakt e-post

    • eldbakk@online.no
  • Kontakt telefon

    • 61 21 25 08
Tips ein ven Skriv ut