Serviceerklæring - Psykisk helse

  • Dette kan du vente av oss

    • Du vil få ein fast kontaktperson. Du vil få melding dersom det blir endring i avtalt tid for hjelp.
  • Saksbehandlingstid

    • Vi tek kontakt med deg for avtale innan ei veke etter at meldinga er komen.
    • Kartlegging vil skje innan 2 veker.
  • Dette ventar vi av deg

    • At du gjev melding dersom du ikkje kan kome til avtalt tid.
    • At du er ein aktiv deltakar. Vi ynskjer også gjerne at du gjev både positiv og negativ attendemelding på korleis du opplever tenesta.
    • At du viser forståing dersom kontaktpersonen din må prioritere krise/akutte hendingar.