Serviceerklæring for grunnskulen i Lom

  • Dette kan du vente av oss

    • Vi legg til rette for eit godt læringsmiljø slik at eleven i høgast mogleg grad når måla i læreplanen.
    • Vi legg til rette for at eleven skal trivast og kjenne seg trygg på skulen.
    • Vi har nulltoleranse for mobbing og har rutinar for å følgje opp mobbesituasjonar.
    • Vi har ordensreglement med tydelege reglar og konsekvensar ved brot på reglane.
    • Vi stiller krav og har positive forventningar til eleven etter alder og modning.
    • Vi er gode førebilde og tydelege vaksne.
    • Alle føresette skal få tilbod om minimum to foreldresamtalar med kontaktlærar om eleven si faglege, sosiale og personlege utvikling kvart skuleår.
    • Det blir halde minimum to foreldremøte kvart skuleår. Desse skal planleggast og gjennomførast saman med klassekontakt og i tråd med retningsliner for foreldresamarbeid ved skulen.
    • Føresette til barn som skal ta til i fyrste klasse blir invitert til informasjonsmøte i god tid før skulestart.
    • Føresette kan finne informasjon om skulen på heimesida (Lenke til pedIT)
    • Elevane får kvar veke arbeidsplanar/vekeplanar.
    • Skriftlege søknader o.l. skal svarast på innan tre veker.
  • Dette ventar vi av deg

    • Du har tid til barnet ditt.
    • Du deltek på foreldresamtalar, møte og arrangement i regi av skulen.
    • Du har ein open dialog med skulen og tek raskt kontakt om det er behov for å informere eller bli informert om situasjon, utvikling og opplæring
    • Du legg til rette for utvikling av gode arbeidsvanar
    • Du gjev barnet ditt tryggleik og eit positivt sjølvbilde.
    • Du legg til rette for at eleven møter utkvilt og har ete frukost.
    • Du omtalar skule og lærarane på ein positiv måte når eleven høyrer på.