Dialogic

Dialogic

Servicekurs for bygg, anlegg og handverk

Lom kommune og Lom næringsforening ynskjer i samarbeid med rådgjevingsverksemda Dialogic å tilby eit praktisk teoretisk BKA-program for tilsette/leiarar innan bygg, anlegg og handverk i Ottadalen.  Dialogic har gjennom fleire år jobba med denne type program, og har tilsette med erfaring frå bygg og anlegg.

Tema vi kjem til å jobbe med:
• Sal og korleis selje våre tenester til private og profesjonelle kundar
• Service og kundehandsaming
• Skriving og kalkulasjon av tilbod
• Kommunikasjon og samhandling
• Digital kunnskap, Excel og Word, Doffin, mittanbud.no

Praktisk informasjon:
Kurset blir gjennomført delvis som klasseromsundervisning og delvis som gjennomføring av praktiske oppgåver.
Stad: Lom
Dato og tidspunkt: På dagtid. Gjennomførast over 5 veker med start og slutt før påska 2015.
Tidspunkt og dato kan tilpassast etter behov, men sannsynlegvis vil kurset bli lagt opp slik at vi samlast to halve dagar frå morgon til lunsj i fem veker.
Samlingane blir kvar andre veke, slik at kurset totalt går over 10 veker.
Kurset vil vere over før påska i 2015. Kursavgift: Gratis

Vi er avhengige av tilstrekkeleg interesse for dette programmet frå omtrent 20-30 deltakarar for å søkje støtte til gjennomføring.
I fyrste omgang er vi berre ute etter å finne ut om det er interesse, og deretter vil det kome eit meir detaljert program med bindande påmeldingsfrist.
Ta kontakt med ashild.amundsen@lom.kommune.no innan 5. november dersom du syns at dette høyres interessant ut.
Oppgi kontaktinformasjon og bransje / bedrift. Denne påmeldinga er ikkje bindane.


Med vennleg helsing Åshild og Tor

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut