Sjuke barn og barnehage

Jente i sjukeseng?

Feber

Barn som har feber, må vera heime. Barnet skal ha ein feberfri dag heime før det kan koma attende til barnehagen. Sjølv om barnet er feberfritt etter sjukdom, er det viktig å hugse på at den allmenne tilstanden heile tida skal liggja til grunn for om barnet er i form til å bli levert i barnehagen. Det er meir krevjande å vera i barnehagen enn heime, og det kan vera vanskeleg for barnet å vera borte frå far og mor om det ikkje er i form.

Forkjøling

Her er det heile tida den allmenne tilstanden som avgjer om barnet ditt kan gå i barnehagen. Ha tett kontakt med personalet i barnehagen og spør korleis forma har vore og korleis barnet har fungert i barnegruppa. Orkar ikkje barnet å vera med i vanleg leik og aktivitetar, må det haldast heime til forma blir betre.

Ver ekstra merksam dersom barnet har mykje og gulgrønt snørr.

Augekatarr

Ved kraftig augekatarr med mykje pussdanning bør barnet av smitteomsyn haldast heime til pussdanninga er redusert. Kontakt lege for vurdering av behandling.

Brennkoppar

Brennkoppar er ein hudinfeksjon valda av bakteriar. Dei startar ofte som små sår rundt munnen som ikkje vil gro, for så å spreie seg ut over andletet og kroppen. Brennkoppar utviklar seg der bakteriane kjem inn i rifter eller sår på kroppen og er difor særs smittsamt. Barnet bør haldast heime til såret/utsletta er tørre. Eventuelt må såret dekkjast heilt til slik at andre som er i kontakt med barnet, ikkje vert smitta. Viktig med god handhygiene.

Diaré og oppkast

Om barnet kastar opp eller har diaré om natta eller om morgonen skal barnet ikkje leverast i barnehagen.

Barnet må vera kvitt alle symptom og kunna eta vanleg mat før det kjem i barnehagen.

Vasskoppar

Vasskoppar er små, væskefylte prikkar over heile kroppen. Kor mange prikkar barnet får, og kor prega det blir av sjukdomen, varierer.

Barnet er smittefarleg så lenge vasskoppane er væskefylte. Barnet må derfor haldast heime til utslettet har byrja tørke inn. Dette tek vanlegvis omtrent ei veke. Her er det og ekstra grunn til å ta det litt med ro i etterkant av sjukdomsperioden, med tanke på ettersjukdomar.

Lus

Hovudlus er 2-3 mm store dyr som trivst nede ved hovudbotnen, særleg i nakken, bak øyra og på issen. Luseegga sit på hårstrå, og er ofte lettare å få auge på enn sjølve lusa.

Lus smittar oftast ved direkte kontakt mellom to hovud, eller ved at barn byter huver, hårstrikk o.l. Å få lus er ikkje farleg, men smittsamt, og kan vera vanskeleg å bli kvitt. Smitta har ingenting med reinsemd eller lengda på håret å gjera. Mange tykkjer likevel at det er flaut å få lus. Har barnet ditt fått lus, er det særs viktig at de informerer barnehagen så raskt som mogleg. Det er viktig at rett behandling kjem raskt i gang, og at foreldre tek ansvar for å informere ev. andre som kan ha vorte smitta. I barnehagen gjeld som kjent teieplikta. Vi må informere om at det er tilfelle av lus i barnehagen, men kan ikkje seie noko om kven dette gjeld.

Når de har barn i barnehage- og skulealder, kan det vera greitt å ha ein lusekam liggjande heime for å ta ein sjekk no og da. Lusekam kan du kjøpe på apoteket. Når det gjeld anna behandling, er det viktig å merkje seg at det berre er dei som har lus som skal behandlast. Unødig bruk av preparat er med og gjer lusa meir motstandsdyktig mot dei preparat som finst i dag. Klede og sengeklede kan frysast til -20 grader for å bli kvitt lus og egg.