Framside»Tenester til deg»Skatt og avgift

Ein kort oversikt IKKJE OPPDATERT!

Skatt, gebyr og avgifter i Lom kommune

Her er ein kortversjon, du finn meir utfyllande informasjon under dei ulike tenestene. Alle satsar er inkludert mva om ikkje anna er nemnt.

Eigedomsskatt

Med grunnlag i eigedomsskattelova §§ 2 og 3e, skal eigedomsskatt skrivast ut etter desse alternativa for skatteåret 2016:

  • Faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang.
  • Verker og bruk i heile kommunen.

Den generelle skattesatsen for dei skattepliktige eigedomane blir for 2015 sett til 7 promille, jf. esktl. § 11 fyste ledd. Skattesatsen blir differensiert med heimel i eigedomsskattelova § 12 bokstav a. For bustadar/bueiningar og fritidseigedomar, blir skattesatsen sett til 4 promille.

Alle sjølvstendige bueiningar skal ha eit bottenfrådrag på kr 450 000 som skal trekkast frå takstverdien, jfesktl. § 11 andre ledd.

Nyoppførte bygg som heilt eller delvis blir brukt som bustad, er fritekne for eigedomsskatt i 10 år (eigedomsskattelova § 7 bokstav c) inntil kommunestyret endrar eller opphevar fritaket.

Eigedomsskatten skal betalast i 6 terminar i skatteåret.Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne vedtekter.

Skulefritidsordninga - satsar pr. månad

  • Til og med 14 timar pr. veke: Kr. 1 250,-
  • 15 timar eller meir pr. veke: Kr. 1 980,-
  • Dagsats: Kr. 310,-
  • Timesats: Kr. 95,-

Barnehageplass - satsar pr. månad

  • Fem dagar pr. veke(maksimalsats): 2 580,-
  • Fire dagar pr. veke: 2 400,-
  • Tre dagar pr. veke: 2 050,-
  • To dagar pr. veke: 1 600,-
  • Einskild dag: 250,-

Musikk- og kulturskulen - satsar pr. år

  • Eineundervisning og dans Kr. 2 400,-
  • Syskenmoderasjon, første barn 40%, andre barn 50%
  • Gruppeundervisning drama, dans og formgjeving (ikkje syskenmoderasjon) Kr. 1 200,-
  • Instrumentleige Kr. 500,-

Heimehjelp - satsar pr. månad varierande etter inntekt

1G (grunnbeløpet i folketrygden) utgjer 85 245 kroner pr. 1. mai 2013. Stortinget regulerer dette årleg.

  • Inntil 2G: 186,-
  • Frå 2G inntil 3G: 620,-
  • Frå 3G inntil 4G: 890,-
  • Frå 4G inntil 5G: 1 300,-
  • Frå 5G og oppover: 1 850,-

Andre satsar:

  • Tryggleiksalarm (pr. månad): 75,-
  • Middag levert i heimen (pr. middag): 70,-

Fellingsavgifter

  • Elg, vaksne dyr: 465,-, kalv: 270,-
  • Hjort, vaksne dyr: 350,-, kalv: 210,-

Nokre prisdøme på oppretting av matrikkeleining

Areal frå 0-500 m2: 12 170,-
Areal frå 501-2 000 m2: 14 620,-
Tillegg pr påbyrja dekar over 2000 m2: 1 220,-

Klikk her for å sjå heile oversikta over prisdøme på oppretting av matrikkeleining (lenke)

 

Mottak av næringsavfall

Gebyr for mottak av næringsavfall vert fastsett etter satsar frå Nord-Gudbrandsdal renovasjonsselskap (NGR). Husstandar får levere gjenvinnbart avfall og speisalavfall gratis til miljøstasjonen. Men det gjeld berre innan fastsette minstevolum. For avfall utover minstevolum vert det gebyr som for næringsavfall. (Sjå oppslag på miljøstasjonen eller informasjon i hentekalender frå NGR for utfyllande informasjon).

Søknad om konsesjon og deling av eigedom

Konsesjonssaker:

  • enkle/kurante saker kr. 1 500,-
  • andre/prinsipielle saker, inntil kr. 5 000,-

Delingssaker:

  • enkle/kurante saker, kr. 1 000,-
  • andre/prinsipielle saker, kr 2 000,-

Kommunen skal krevje inn gebyr i alle saker, uavhengig av kven som tek avgjersla. Det er høve til å gje fritak for betaling av gebyr når det er særlege grunnar for det, jf forskrifta § 4.

Årleg gebyr for feiing og tilsyn

  • Feiing kvart år, tilsyn kvart fjerde år: 640,00
  • Feiing kvart andre år, tilsyn kvart fjerde år: 403,75
  • Ekstra pipe innan same brukseining: 205,00
  • Næringsverksemd og institusjonar: 1 216,25 pr. gong.
Tips ein ven Skriv ut