Kartskisse frå Nils Teigen

Kartskisse frå Nils Teigen

Skilting i Prestøya /Gjeisarøya Industriområde

Etter innspel frå næringsdrivande har Lom kommune tatt initiativ for å få på plass eit overskiltskart / skilt over Prestøya / Gjeisarøya Industriområde. No ynskjer vi innspel, og kjem på ei synfaring 10. april.

Skisse over skilt
Skisse over skilt

Torsdag 10. april  mellom kl. 12.00 – 16 .00 blir det ei synfaring for å få inn innspel frå bedriftene.

Vi ynskjer å få innspel på:

- Plasseringa
- Innspel på skiltskissa
- Finansieringa
- Eventuelt behov for visningskilt

Etter ei anbodsrunde har kommunen fått inn to tilbod.

Vi har takka ja til det eine, men atterhald om at næringa ynskjer dette alternativet og at plassering o.l. går i orden. 

Totalt kostnadsoverslag ligg på 104 750 inkl. mva + eventuell byggesaksbehandling, lysetting m.m.

Vi har elles fått inn 50 000 frå regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen til finansieringa av skiltet.  

Vi prøver å rekke innom alle på torsdag, men uansett så går det an å sende inn innspel til kommunen før den tid, helst innan 30. april. Send det til ashild.amundsen@lom.kommune.no eller postmottak.

Tips ein ven Skriv ut