Framside/Tenester til deg/Næringsliv/Skogbruk

Skogbruk

Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike skiltskotsordningane i skogbruket.
Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket ved mellom anna å arbeide for utvikling av sortiment, omsetjingsformer og produkt som er tilpassa tømmerkvaliteten Ottadalen. Skogbrukssjefen heiter Per Ekre og kan kontaktast på mobil 958 26 661, e-post adresse: per.ekre@vaga.kommune.no
Skogbrukssjefen har fast kontordag fyrste måndag i kvar månad. Du finn han i 3. etasje i Midtgard.


Kommunen er det offentlege forvaltningsorgnet som skogeiaren skal kontakte for å ordne saker som gjeld frådeling av skogareal, oppdyrking av skogsmark, bygging av skogsvegar og løyve til hogst i verneskog. Skogbrukssjefen skal førebu saker etter forskrifter og lovverk og ta avgjerd i sake som er delegert til administrasjonssjefen.

Tenesta omfattar m.a.:
- Lovforvaltning etter skoglov, jordlov mm. (t.d. omdisponering av skogsmark, frådlingssaker, konsesjonssaker)
- Forvaltning etter forskrifter gjeve i medhald av skoglova (t.d. verneskogforvaltning, spreiing av plantevernmidlar i skog, skogfrø og planter, insektskader på skog, godkjenning av skogsvegar mm.)
- Forvaltning av skogfondordninga.
- Forvaltning av rentemidlar.
- Statlege tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie, 1. gongs tynning, kunstig kvisting).
- Statlege tilskot til vegbygging.
- Statlege tilskot til drift i vanskeleg terreng.
- Statlege tilskog til miljøtiltak i skog.
- Kommunalt tilskot til avverking 
- Offentleg statistikk.

I tillegg kjem mange ikkje-lovpålagde oppgåver som vegstikking, kurs, skjønn og ymse rettleiing. I alle saker som gjeld skogbruk tek du kontakt med skogbrukssjefen. Skogbruksjefstillinga er felles for Lom, Skjåk og Vågå.
 

Tips ein ven Skriv ut