Skriv til framtida!

 

Elevar ved Lom ungdomsskule har skrive brev til framtidige generasjonar. Desse breva blir no arkivert i fylkesarkivet på Lillehammer - i 100 år!
Skrivegleda er stor, og nivået høgt ved Lom ungdomsskule kan rektor og lærarar melda.

Vinnaren Abdirizak Mohammed_-90_cropped_435x545_cropped_390x357
Abdirizak Mohammed vann heile konkurransa!

Vann konkurranse

Norsk litteraturfestival har eit tilbod til barn og unge, kalla Pegasus. I år vart det arrangert ei skrivekonkurranse for elevar: Skriv for framtida. 
Lærarane Aud Sørhage og Sissel Høiberg har auge for slike gode utfordringar, og sette i gang arbeidet med elevane. 
Dette resulterte i 60 tekstar frå Lom ungdomsskule, 10.klassingen Abdirizak Mohammed slo på stortromma og vann heile konkurransa. 
Abdirizak har budd i Lom berre i to år, så prestasjonen er rett og slett framifrå!

Kirsti Sletten frå fylkesarkivet tek i mot boksen med tekstane
Høgtideleg overlevering av tekstane

Fylkersarkivet overtek tekstane

Tysdag 18. mai var det høgtideleg overlevering av alle tekstane til Kirsti Sletten frå Fylkesarkivet på Lillehammer. 
Ho lova ut at den spesialdesigna boksen med tekstane inni skal ligga trygt hjå fylkesarkivet i 100 år. 
Rektor Tore Mundal nytta høvet til å dagdrøyma om korleis verda er om 100 år, og tok elevane med på eit attendeblikk til sin kvardag som ungdom på 50-talet.

Mette Marit tok seg god tid til å snakka med Abdirizak
Mette Marit tok seg god tid til å snakka med Abdirizak

Møtte Mette Marit

26.mai, var Abdirizak Mohammed invitert til å vere med å ta i mot kronprinsesse Mette Marit på Lillehammer. 
Kronprinsessa kom for å vere med på opninga av Litteraturfestivalen som føregjekk i Maihaugsalen same kveld. 
Ho kom med Litteraturtoget kl 17.20 og på perrongen sto både fylkesmann, ordfører i Lillehammer, festivalsjefen og Abdirizak. 
Mette Marit stoppa opp ved Abdirizak og spurte han litt om teksta han hadde skrive, og som han vann Pegasus si skrivekonkurranse med. 
Etter møtet fekk publikum gå inn i bibliotekvogna, der vi blant anna kunne studere kva for bøker som er Mette Marit sine favorittar. 

Aud Sørhage syner fram spesialdesigna boks til tekstane
Aud Sørhage syner fram spesialdesigna boks til tekstane
Tore Mundal tenkjer seg attende til korleis kvardagen hans var som ungdom
Tore Mundal tenkjer seg attende til korleis kvardagen hans var som ungdom
Tips ein ven Skriv ut