Agromiljø slangespreder med stripespreder

Eit tiltak for miljø og gardsøkonomi

Slangespreiar med stripespreiar for spreiing av husdyrgjødsel

Bruken av slangespreiar med stripespreiar har store fordelar samanlikna med bruken av tradisjonell breispreiar:

  • Mindre jordpakking fordi det brukast slange frå onnfjoset i steden for køyring med vogn på jordet og pga. ca. 65% mindre køyring på jorda gjennom endra køyremønster

  • Mindre tap av nitrogen pga. mindre kontakt med lufta ved at godt vassblanda møkk leggast i striper ned på bakken

  • Stor kapasitet for å få ut vassblanda husdyrgjødsel gjennom slangar med stor dimensjon og høgtrykkspumpe

  • Mindre avhengig av værforhold fordi husdyrgjødsla kjem rett ned på bakken

  • Utvida spreiesesongen fordi møkka legg seg i langt mindre grad på plantane

  • Positivt miljøtiltak og mindre lukt pga. mindre ammoniakktap – i Danmark er det forbod mot å spreie husdyrgjødsel på eng utan nedlegging eller nedfelling

  • Bruk av nitrogen frå kunstgjødsel vert redusert gjennom betre utnytting av nitrogen i husdyrgjødsel (opptil 60 %) – dette er sparte pengar og spart miljø!

 

Ulempa er berre ein – det trengs kostbart utstyr til det, og det krev ein del tid til å legge ut slangar. Møkka må vera godt vassblanda.

 

For meir info kan du lese disse artiklar:

https://nordland.nlr.no/fagartikler/14791/

https://www.nlr.no/media/ring/5172/NLR/Fagrapport%20Bedre%20spredeteknikk%20v1-1.pdf

 

Vil du prøve slangespreiar med stripespreiar for spreiing av husdyrgjødsel?

Jørn Sæther frå Lesjaskog mob. 958 28 622 har slikt utstyr (Agromiljø stripepreder) og kjem til Vågå/Lom til våren. Han kan ta på seg nokre fleire oppdrag. Ta kontakt dersom du er interessert.

For meir info om utstyret kan du gå inn på heimesida til Agromiljø. Der finn du også fleire filmar.

Tips ein ven Skriv ut