VMtruger

Sluttrapport - Liv i Lom

Dette er sluttrapporten for den delen av Liv i Lom-prosjektet som gjekk føre seg i Bøverdalen. Her finn du målsettinga for prosjektet, gjennomførte tiltak med tekst og bileter, oversikt over økonomien i prosjektet og ein refleksjon rundt moglegheitar og utfordringar ved denne type prosjektarbeid. Det er viktig å hugse at Liv i Lom var todelt, og den delen som går på Lom nasjonalparklandsby fortsett ut 2013.

Det overordna målet med ”Liv i Lom” er å vidareutvikle Lom til ei attraktiv kommune for busetnad og næringsetablering. Hovudprosjektet  er todelt. Ein del går på samfunnsutvikling i landbruksbygda Bøverdalen, som slit med fråflytting og utfordringar i å utvikle ny næring som tek omsyn til dei store verneområda som omkransar dalen.
Den andre delen av prosjektet er konsentrert om Fossbergom, sentrum i Lom, og tek sikte på å utvikle sentrumskjernen som ein ”nasjonalparklandsby”. Hovudprosjektet Liv i Lom har ei tidsramme frå 1. mai 2009  til 1. mai 2012, mens den delen av prosjektet som går på Lom nasjonalparklandsby har ei tidsramme ut 2013. Det kan du lese meir om her: http://www.lom.kommune.no/lom-nasjonalparklandsby.276939.nn.html

 

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut