Skjermbilde 2016-10-13 kl

Snart får du alle vedtak frå Lom kommune elektronisk!

I løpet av oktober går Lom kommune over til å bruke SvarUt for å sende ut vedtak til privatpersonar, bedrifter og organisasjonar. SvarUt er ein felles løysing for kommunar for å formidle digital post til både innbyggjarar, næringsliv, offentlege og private organ. Målsettinga er å formidle dokumenter frå kommunal sektor rimelig, effektivt og sikkert.

Kva betyr det for deg?

Privatperson:

  • Har du elektronisk postkasse (Digipost, e-Boks) får du vedtaket der.
  • Har du ikkje oppretta elektronisk postkasse får du vedtaket i Altinn.
  • Har du reservert deg mot å få elektronisk post frå det offentlege får du fortsatt vedtaket på papir i postkassa.

 

Bedrifter og organisasjonar:

  • Alle bedrifter og organisasjonar får vedtaka i Altinn.
Tips ein ven Skriv ut