Søk om midlar til spesielle miljøtiltak!

Har du t.d. eit gamalt seterhus eller ein gamal steinmur som du ynskjer å restaurere? Eller ynskjer du å rydde gamal beitemark eller t.d. ein tursti?
Gamaldags \
Gamaldags hafelling
Det er også ei rekke andre tiltak i kulturlandskapet eller andre tiltak for å fremme ulike miljøkvalitetar som kan få såkalla ”SMIL-midlar” (”Spesielle miljøtiltak i landbruket”). I utgangspunktet er dette midlar som er bevilga til landbruket over jordbruksavtalen, og som Fylkesmenn fordeler vidare til kommunane. Men alle som eig ein landbrukseigedom eller som har løyve frå eigaren og lag /foreiningar kan søke om desse midlane. Det finst eigne retningsliner for bruken av SMIL-midlane, og tiltak innafor disse retningslinene vil bli prioritert. I år skal vi prioritere restaurering av gjerde (jf. ”Hafellår 2011” – informasjon sendt ut til alle husstandar). Ta kontakt med landbrukskontoret for meir informasjon.
Restaurering av gamal lyu
Restaurering av gamal lyu
Tips ein ven Skriv ut