Søkje arbeid i Lom
Slik finn du ledige stillingar
Kommunen er den største arbeidsgjevaren i Lom kommune, med institusjonar som barnehagar, skule, helse, kommuneadministrasjonen med meir. Difor er det lurt jamleg å sjekke Lom kommune si nettside om ein leitar etter arbeid i Lom. Fylkeskommunen er også ein stor arbeidsgjevar gjennom vidaregåande skule, musé med meir. NAV-kontora er den staden i Noreg kor det er best å søke hjelp til spørsmål rundt arbeid. Internettsida www.nav.no har ein database over ledige jobbar i heile Noreg. I Lom finn du NAV-kontoret i kommunehuset Midtgard i sentrum.
Kommunen har også ein privat arbeidsmarknad med jordbruk, reiseliv og handel, industri og handtverk og andre næringsdrivande. Desse vil som oftast lyse ut ledige stillingar i lokale media. Statlege og kommunale stillingar vert og lyst ut i lokale media. Fylg med i lokalavisene Fjuken og GD. Både NAV Lom og servicetorget i kommunen vil som oftast ha oversikt over ledige stillingar i Lom som er utlyst i lokalmedia.
Dei fleste kommunale og private institusjonar vil stille som krav at ein skriv og snakkar flytande norsk. Ta kontakt med servicetorget i kommunen eller NAV Lom om du treng hjelp til å finne norskkurs, eller følg med i Fjuken.
Likevel kan det i reiselivet, særleg innan hotell- og restaurantbransjen, vere stillingar kor det ikkje er krav om norskkunnskapar og ofte er tilstrekkjeleg om du pratar flytande engelsk. Det lokale reiselivsselskapet Jotunheimen Reiseliv kan gi deg tips om kva reiselivsbedrifter du kan søkje arbeid hjå.
Når du har fått arbeid
Når du har skaffa deg jobb, og ynskjer å arbeide i Noreg i meir enn tre månader, må du skaffe deg opphaldsløyve. Dette vil det lokale politikammeret i Lom hjelpe deg med.Vidare må alle som arbeider for norske arbeidsgjevarar, betale skatt i Noreg. Difor må du til eit likningskontor og skaffe deg skattekort. Samlokalisert med likningskontora finn ein folkeregisteret. Alle som skal opphalde seg i Noreg i meir enn 6 månader, må registrerast i Noreg.
Det næraste likningskontoret til Lom ligg i Otta, spør gjerne Nav Lom eller servicetorget i kommunen om rettleiing
Når du har fått arbeid, kan det løne seg å ta kontakt med den
lokale banken, Sparebank1 Lom og Skjåk, der kan du opprette konto og få anna økonomisk rettleiing.