Framside/Tenester til deg/Barnehage
child-1864718_1280

Søknad om plass i barnehagane i Lom kommune

Gjeld frå 21.august 2017 for barnehageåret 2017/2018.
Finn felles elektronisk søknadsskjema her

Søknadsfrist : 15.februar

Teknisk hjelp kan du få på servicetorget Lom kommune, tlf. 61 21 73 00

 Lovfesta rett til barnehageplass gjeld ved hovudopptaket - innan søknadsfristen (Lov om barnehagar  §12a).

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av oktober det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet har gebursdag.

Merk at rett til barnehageplass gjeld plass i kommunen, ikkje plass i einskild barnehage.  

Dei som har barnehageplass, men ynskjer utvida tilbod (fleire dagar) frå nytt barnehageår, må sende søknad innan fristen

Tips ein ven Skriv ut