Landbruksinformasjon 2014

Landbruksinformasjon 2014

Søknadsfristar for SMIL, kommunale midlar og drenering av jordbruksjord 2016

1. Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Frå i år kan berre søkjarar som oppfyller vilkår for å søkje om produksjonstilskot, løyvast SMIL tilskot.

Det kan søkjast om tilskot til for eksempel:
• Restaurering av freda/verneverdige bygninga og kulturminne
• Beiterydding eller t.d. rydding av gamal ferdselsveg
• Planleggings- og tilretteleggingstiltak
• Andre tiltak for å hindre forureining

Finn søknadsskjema SLF-430 på www.slf.dep.no eller hent skjema på landbrukskontoret.

2. Kommunale midlar til landbruket i Lom

Det kan gjevast tilskot til:
• Driftsbygningar
• Nydyrking og Beiterydding
• Vatningsanlegg og Landbruksvegar
• Tiltak og prosjekt i landbruket der lokale fortrinn kan skape lønsam næringsaktivitet
• Tiltak innan skogbruk (avvirking og drift i bratt terreng)

Finn søknadsskjema www.lom.kommune.no eller hent skjema på landbrukskontoret.

3. Tilskot til drenering av jordbruksjord

• Tilskot kan gis til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal.
• Med søknaden må det leverast grøfteplan med kart, samt miljøplan trinn 2 (forenkla).
• Tilskot til systematisk grøfting, profilering og omgraving er avgrensa til 1.000 kr pr da.
• Ved annen grøfting kan det gis 15 kr pr løpemeter grøft avgrensa til 1.000 kr pr da.
Finn søknadsskjema på www.slf.dep.no eller hent skjema på landbrukskontoret.

Søknadsfrist for alle søknader: 15.mai 2016

Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret for rettleiing og meir info.

 

Tips ein ven Skriv ut