restaurert låve

Søknadsfrister for å søkje om SMIL-midlar, kommunale tilskott og produksjonstilskott i jordbruket

15. mai er søknadsfrist for fleire tilskottsordningar:

 

TILSKOTT TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Frå i år kan alle eigarar av landbrukseigedom løyvast SMIL-tilskott så lenge det foregår produksjon på eigedom som oppfyller vilkår for å søkje om produksjonstilskott.

 

Det kan søkjast om tilskott til for eksempel:

  • Restaurering av freda/verneverdige bygninga og kulturminne

  • Beiterydding eller t.d. rydding av gamal ferdselsveg

  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak

  • Andre tiltak for å hindre forureining

Finn søknadsskjema SLF-430 på www.slf.dep.no eller hent skjema på landbrukskontoret.

 

KOMMUNALE MIDLAR TIL LANDBRUKET I LOM

Det kan gjevast tilskott til:

  • Driftsbygningar

  • Nydyrking og Beiterydding

  • Vatningsanlegg og Landbruksvegar

  • Felles tiltak og andre samarbeidsprosjekt som kjem landbruksnæringa til gode

  • Tiltak innan skogbruk (avvirking og drift i bratt terreng)

Finn søknadsskjema https://goo.gl/iAV32h eller hent skjema på landbrukskontoret.

 

PRODUKSJONSTILSKOTT I JORDBRUKET

  • Alle som driv med husdyrproduksjon skal søkje elektronisk i mai, dei som berre driv planteproduksjon skal ikkje søkje før i oktober.

  • Det er sendt ut meir info m.a. via Altinn til dei som har søkt tidlegare. Det er også lagt ut meir info på heimesida til Lom kommune, les denne artikkelen.

Finn søknadsskjema på http://www.landbruksdirektoratet.no/ eller www.altinn.no.

 

SØKNADSFRIST FOR ALLE SØKNADER ER 15.mai 2017.

 

Ta gjerne kontakt!

Landbrukskontoret i Lom kommune

Tips ein ven Skriv ut