Geolog kjem til staden ca kl 11:30

Sognefjellsvegen stengt ovanfor Flåklypa på grunn av fare for ras

Ein stor stein rasa i natt ned på RV55 - Sognefjellsvegen - ovanfor brua ved Flå. På grunn av faren for nye ras er vegen stengt inntil vidare. Geolog er venta på staden ca kl 11:30 og det blir da vurdert om vegen kan opnast.

Det er personell til stades på båe sidane av raset og dei kan hjelpe folk og køyretøy forbi rasstaden i samband med eventuelle situasjonar med fare for liv og helse.

Tips ein ven Skriv ut