Framside»Tenester til deg»Sosiale tenester
Skjermbilde 2015-12-17 kl

NAV-kontoret

NAV står for Ny arbeids- og velferdsforvaltning. På NAV-kontoret er kommunen si sosialteneste og dei statlege etatane Aetat og Trygdekontoret samla i eitt kontor. Målsettinga er "fleire i arbeid og færre på trygd".

Opningstider

NB! Endra opningstider: NAV Lom og Skjåk vil ha stengt publikumsmottaket på tysdagar og torsdagar. Møter og avtaler vil gå som normalt desse dagane. Opningstidene til publikumsmottaket vil da bli frå kl 10.00-14.00 på måndagar, onsdagar og fredagar

 

Brukarane av NAV sine tenester vil kunne kontakte NAV via telefon og gjennomføre avtalte oppfølgingssamtaler mellom 08:00-15:30 og betene seg sjølve og søke informasjon via nav.no, Facebook, Twitter og blogg-tjenester.

Brukarar har ulike behov for oppfølging

Fleire av våre brukarar har avgrensa behov for kontakt med NAV. Dette gjeld til dømes alderspensjonistar, uføre, brukarar med familieyingar, etc. Dei finn informasjon på www.nav.no eller www.nyuføretrygd.no.

Vi har og brukarar med enkle oppfølgingsbehov som kan handtere eigen situasjon ved at NAV tilbyr gode løysingar for sjølvbetening på https://www.nav.no/DittNAV.

Kontakt NAV-kontoret

Det er felles NAV-kontor for Lom og Skjåk. Kontoret finn du i Signegarden i Bismo i Skjåk. Adressa er:
NAV Lom og Skjåk
Industrivegen 13
2690 Skjåk
Telefon: 55 55 33 33.

Tenester frå NAV

På NAV-kontoret finn du, i tillegg til tenester frå tidlegare trygdekontor og Aetat, dei vanlege kommunale sosialtenestene. Dette er generelle sosiale tenester som:

  • rådgjeving,
  • hjelp og rettleiing,
  • økonomisk sosialhjelp,
  • gjeldsrådgjeving,
  • kvalifiseringsprogrammet
Tips ein ven Skriv ut