Det vert ytt tilskot til å ivareta omsynet til miljøverdiane i landbruket primært på landbrukseigedommar. Siktemålet er, ut i frå lokale prioriteringar og tilpassingar, å fremme miljøverdiane og redusere forureining utover det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift.
Tiltak som kan støttast
- Vedlikehald og restaurering av kulturminne med tilknyting til gamal vatningskultur
- Restaurering av freda og verneverdige bygningar
- Tiltak som fremjar biologisk mangfald
- Andre kulturlandskapstiltak (rydding og inngjerding av gamle hamnlykkjer og seterkveer, bevaring av kulturminne og kulturmiljø, rydding og skilting av stigar og turvegar)
- Tiltak for å hindre forureining frå jordbruket
- Investeringar som fremjar organisert beitebruk
- Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
Dette er ikkje ei fullstendig opplisting - tiltak som fremjar natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap eller reduserer forureining frå landbruket kan vera aktuelle for tilskot sjølv om dei ikkje står nemnde over.