Framside»Om kommunereforma

Spørjeundersøking om eventuell kommunesamanslåing

Er du opptatt av kommunereforma? Korleis trur folk i Lom at ei kommunesamanslåing vil påverke barnehagetilbodet? Kor viktig er avstanden til kommunehuset for dei som bur i Lom? Før jul gjennomførte Fylkesmannen i Oppland ei innbyggarundersøking om kommunereforma.

Kor viktig er kommunesamanslåing for deg?

  • Ikkje eller lite viktig: 19%
  • Middels viktig: 30%
  • Viktig eller svært viktig: 50%
  • Veit ikkje: 2%

Ynskjer du å bli involvert i prosessen omkring kommunesamanslåing

  • Ja: 42%
  • Nei: 58%
  • Veit ikkje: 0%

På kva måte meiner du kommunen bør involvera deg i prosessen?

(Fleire svar er mogleg.)

  • Gjennom informasjon i posten: 42%
  • Gjennom lokalavisa: 46%
  • Gjennom folkemøte: 64%
  • Gjennom sosiale medier: 42%
  • Gjennom ei spørjeundersøking: 48%
  • Ingen av desse alternativa: 7%
Spørsmål om løysing av oppgåve Dårlegare Uendra Betre Veit ikkje
I tabellen ser du svara på nokre spørsmål om korleis ein eventuell ny samanslått kommune vil løyse sentrale oppgåver samanlikna med dagens kommune.
Politisk styring 22% 46% 31% 2%
Innbyggjarmedverknad 34% 46% 18% 3%
Helsetenester 22% 34% 42% 1%
Eldreomsorg 25% 38% 36% 1%
Barnehagetilbod 18% 51% 30% 2%
Skule og SFO 21% 44% 33% 1%
Økonomisk styring 19% 31% 16% 4%

 

Spørsmål om kva dei spurde legg vekt på Ikkje eller lite viktig Middels viktig Viktig eller svært viktig Veit ikkje
I tabellen ser du svara på nokre spørsmål om kva dei spurde legg vekt på ved ei eventuell kommunesamanslåing.
Avstand til offentlege tenestetilbod dom skule, barnehage, lege, NAV-kontor 16% 19% 64% 1%
Avstand til rådhuset / kommunehuset 46% 24% 30% 1%
Fordeling av offentlege arbeidsplassar 13% 28% 56% 3%
Utvikling i alle delar av kommunen 12% 20% 65% 4%

 

Tips ein ven Skriv ut