Språkpraksis

Er din verksemd samfunnsbevisst, og har bruk for litt ekstra arbeidskraft?
Da bør du lese vidare. Språkpraktikantar kan vere ein ekstra ressurs inn i verksemda. 

Språkpraksis er eit tiltak som går ut på at verksemder tek i mot ein praktikant i ei avgrensa periode. Språkpraktikantane er ressurspersonar med ulik kompetanse og arbeidserfaring frå heimlandet sitt. Språkpraktikanten skal ikkje ha lønn, og skal kome i tillegg til og ikkje erstatte ein arbeidstakar i arbeidsperioden. Praktikanten vil få oppfølging frå flyktningskontoret i kommunen.
Ein praksisplass må:
- Inkludere språkpraktikanten i fellesskapet på arbeidsplassen
- Leggje til rette for at praktikanten skal lære norsk / om norsk arbeidsliv
- Rapporter frammøte og eventuelt fravær
 
Her har du moglegheit til å gjere ei god gjerning og få ekstra arbeidkraft som bonus. 
Interessert?
Ta gjerne kontakt med Nils Magne Brandsar på telefin 97 48 59 36 eller e-post nils.magne.brandsar@lom.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut