Skjermbilde 2017-06-29 kl

STORTINGS- OG SAMETINGSVALGET 2017

STÅR DU I MANNTALET?

For å kunne røyste ved stortingsvalet til hausten må du stå i manntalet. 

Du kan undersøke om du står i manntalet for stortingsvalet i kommunen der du bur når det blir lagt ut til ettersyn på dei stadene som er oppgitt i denne annonsen.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten førehandsrøyste eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 3. august, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet for stortingsvalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Send klagen til valstyret i kommunen. Rett adresse finn du lenger ned i annonsen. 

Sametingsvalet

For å kunne røyste ved sametingsvalet må du stå i valmanntalet til Sametinget. Alle veljarar som er registrerte i dette manntalet får eit eige valkort for sametingsvalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det med deg når du skal røyste. Dersom du ikkje har fått valkort for sametingsvalet, kan du kontakte Sametinget på telefon 78 47 40 00. Der får du også informasjon om kva som krevst og korleis du går fram om du vil krevje å bli innført i valmanntalet til Sametinget. Dersom namnet ditt ikkje står i valmanntalet til Sametinget og du har kravd å bli innført, eller dersom du meiner at det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Send klagen til Sametinget. 

Manntalet er lagt ut til ettersyn på følgjande stader:

  • Servicetorget på Midtgard

  • Lom folkebibliotek

  • Coop Marked Bøverdalen

    Klage over feil i manntalet sendast: Valstyret i Lom, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller post@lom.kommune.no 

Tips ein ven Skriv ut