topnav left.png
topnav right.png
lom nasjonal.png
mainmenu left.png
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
mainmenu right.png

Statusrapport

Småsamfunnsprosjektet ”Liv i Lom”

Januar- august 2011 Dato: 23.08.11

1. Status / framdrift

Bøverdalen

Vi har gjeve ut nytt turkart over stigane som bind saman turistbedrifter i Bøverdalen. Stigane er i all hovudsak ferdig rydda og merka. Det står att noko merking enkelte stader, mellom anna ”vegvisarar” ved dei ulike utgangspunkta. Arbeidet er gjort i samarbeid med turistbedrifter i Bøverdalen.

Lom nasjonalparklandsby/ Verdiskapingsprogrammet

Dei siste tiltaka frå tiltaksplanen for 2010 er nå sluttført:

  1. rydda og tilrettelagt friområde ved Utleggsbrua med blant anna mura benker og bord
  2. rydda og tilrettelagt turstig og friområde langs elveforbygginga nedover frå Utleggsbrua og ved Tronoddbrua
  3. tilretteleggingstiltak for fiske på Skim (i samarbeid med Skim grunneigarlag). Vi har mellom anna satt opp informasjonstavler og ”grillbu”.
  4. sett opp informasjonspunkt om nasjonalparkane ved Fjellmuseet

 

Tiltaka frå tiltaksplanen for 2011 er godt i gang:

  1. turkart for Lom sentrum vart revidert og produsert på forsommaren. Ein har forbetra dei tredimensjonale kartillustrasjonane, teikna inn to nye turstigar, samt bytta/ forbetra bileta som er brukt i brosjyren. Arbeidet med turstigkartet har vakt engasjement, og vi har motteke mange innspel til arbeidet undervegs. Arbeidet med å revidere brosjyren var eit samarbeid mellom landsbyvaktar Egil Olav Nyrnes og prosjektadministrasjonen.
  2. det er sett opp turkart –og Bergomsrundetavle på uteareal ved Sport1. Informasjonsstativa ved Vassvaglen og Fjellmuseet har også fått nye tavler
  3. etablering av naturstigen  ”Rådyrtrakket” i Presthaugen er godt i gang. Arbeidet skal fullførast i løpet av hausten 2011. Det står att å produsere nokre fåe dyr, samt lage hefter med gåter. I tillegg skal det lagast informasjon om naturstigen som skal plasserast i tilknyting til leikesatellittane i sentrum. Det blir også arbeidd med å lage eit pedagogisk opplegg i samband med naturstigen for dei eldste barna i barnehagen og til 4. klassetrinn. Arbeidet skjer i samarbeid med Norsk Fjellmuseum.
  4. det har tilrettelagt for brukarar av tyrolertraversen over Prestfossen, med startrampe og trapp ned til denne. Arbeidet er gjort i samarbeid med Aktiv i Lom.
  5. leikehuset/ labyrinten ”Røyskattbue” har vorte satt opp ved Kyrkjevollen.  Dette er ein av dei stadene det skal kome opp informasjonen om naturstigen. I tillegg skal heile området skjermast frå trafikkert område med eit pent tregjerde.
  6. det er kjøpt inn 10 stk landsbysyklar. Norsk Fjellmuseum driv utleige av desse syklane i sommar. Arve Nørjordet har ansvaret for vedlikehaldet av syklane.
  7. vi arbeider for å etablere eit tilrettelagd friområde med ”balanseløype”, stolar og bord ovanfor Statoil; på arealet mellom rv55 og Nedre Ulstadveg. Det står att ein del avklaringar, da det er Opplysningsvesenets fond som eig arealet, og at området per i dag er regulert til ”forretning, kontor, reiseliv”.
  8. arbeidet med å gje ut eit ”Nasjonalparkmagasin” er i startgropa. Det er tenkt at magasinet skal lagast i samarbeid med Norsk fjellmuseum, SNO og Fjuken, og at det skal gjevast ut i løpet av seinhausten.

Det er sett i gang eit program for informasjon om nasjonalparkane ute i bedrifter. Programmet er i fyrste rekkje tenkt for bedrifter som har kundekontakt (reiselivsbedrifter og andre servicestader). Bedriftene får tilbod om informasjonsmateriell om nasjonalparkane, samt ei ”bokpakke” dei har tilgjengeleg for gjestene/ kundane sine. Tiltaket blir gjennomført i samarbeid med biblioteket i Lom, og det er dei som blir ståande som eigarar av bøker etc som blir kjøpt inn. 

Fellesprosjektet for dei 5 nasjonalparklandsbyane

  1. Dei fem stadene i Noreg som er utpeikt som Nasjonalparklandsbyar driv og utarbeidar ein felles marknadsplan/ kommunikasjonsstrategi. Reklamebyrået ”Siste skrik” v/ Elisabeth Hartmann er leigd inn av Direktoratet for Naturforvaltning til å gjere dette arbeidet. Som ein del av dette arbeidet arrangerte vi 15. august møte med representantar frå reise- og næringslivet, Landsbyrådet og kommunen for å drøfte Lom sine moglegheiter som Nasjonalparklandsby.
  2. Det har vore arrangert to samlingar på Gardermoen i mai og juni, der alle nasjonalparklandsbyane har vore representert. Lom stilte med ordførar og prosjektadministrasjon på den fyrste samlinga. På den andre samlinga stilte ein frå prosjektadministrasjonen, samt styreleiar i Jotunheimen Reiseliv AS.
  3. gjennom arbeidet med felles kommunikasjonsstrategi, vart det fordelt nokre tema som kvar enkelt landsby fekk ansvar for å fylgje opp. Lom NPL har fått i oppgåve å sjå på moglegheitene for å lage ein felles mal for gjennomføring av vertskapskurs
  4. prosjektadministrasjonen deltok på nettverkssamling for verdiskapingsprogrammet ”Naturarven som verdiskapar” på Værlandet 3.- 5. mai. Neste samling skal arrangerast i Lom 25.- 27. oktober 2011

Diverse

  1. lansert ”Landsbytrim” med 8 ulike postar kring sentrum. Postane blir teke ned 15. oktober, og det blir da i siste delen av månaden eit arrangement med utdeling av premiar etc på Fjellmuseet.
  2. 14. mai vart det arrangert Landsbydag med blant anna foredrag av Jarle Traa, gratis guiding langs ”Tidsaksen” og ”Bordvassvegen”. Dagen vart arrangert i samarbeid med næringslivet, saman med handelshelg og ”Vårsleppen”.
  3. Årets ”Friviljug-/ Lagsfest” vart arrangert i Liarende 24. mai. Varaordførar Mai Bakken delte ut årets friviljugpris til Julie og Ragnar Øyjordet. Ekteparet har gjennom ei årrekkje lagt ned eit variert og omfattande friviljug arbeid, der dei har formidla opplevingar og kunnskap til så vel ung som gamal.

Landsbyrådet

Landsbyrådet har hatt to møter i perioden; 16. mars og 1. juni. Landsbyrådet har mellom anna kome med innspel til tiltaksplanen for Verdiskapingsprogrammet (VSP) 2011 og arbeidet elles med Lom som Nasjonalparklandsby.

Landsbyvaktar

Egil Olav Nyrnes har gjennom sommarsesongen rydda og halde i hevd mykje av friareala i sentrum, samt hatt ansvaret for å plante blomar og stelle desse. Da det var gjort hærverk på oppheng til blomsterkassene på brua over Prestfossen, vart det også noko arbeid med å skifte desse.  Egil Olav har i tillegg både bygd ut og halde ved like turstignettet rundt sentrum, samt bidrege mykje i arbeidet med å revidere turkartbrosjyren. 

2. Økonomi

Prosjektadministrasjonen har nå lagt fram forslag om å disponere kr 445 000,- frå Liv i Lom- budsjettet til å dekkje kravet om Lom kommune sin eigeandel inn i Verdiskapingsprogrammet (VSP). Forslaget skal handsamast av styringsgruppa for Liv i Lom- prosjektet på møte 30.08.11.

På styringsgruppemøte 30.08.11 skal det også handsamast ein søknad frå Bøverdalen IL, om stønad til renovering av skitrekket på Storhaugen.

Liv i Lom- prosjektet får kvart år i prosjektperioden overført kr 133 000,- frå Landbruks –og matdepartementet (LMD), øyremerkt for bruk i Bøverdalen. På denne budsjettposten står det att midlar som ein ennå ikkje har lagt nokon plan for korleis skal brukast.

3. Prosjektadministrasjon

Gry Bystøl arbeidde som ideutviklar i 100% stilling fram til og med april. Ho gjekk da ut i delvis permisjon, og fortsette i 25% stilling.

Gunnar Vestad vart på same tid tilsett som prosjektmedarbeidar i eit 40% engasjement ut året.

4. Nye tiltak / planar

Tida framover må brukast på å ferdigstille tiltaka frå VSP- tiltaksplanen for 2011, samt gjere seg heilt ferdig med turstigprosjektet i Bøverdalen. Samstundes må ein kome raskt i gang med å utarbeide tiltaksplan for 2012. Landsbyrådet blir sentrale i dette arbeidet.

Fyrst på hausten må ein også rekne med å bruke noko tid på Lom sitt bidrag inn til nettverket for nasjonalparklandsbyar, samt førebuing av nettverkssamling for heile Verdiskapingsprogrammet i oktober. 25.- 27. oktober har DN nemleg invitert til nettverkssamling for alle prosjekta som er inkludert i ”Naturarven som verdiskapar”. DN samarbeidar med prosjektadministrasjonen i Lom for å sy saman eit godt program og gode opplevingar for dei ca 35- 40 deltakarane. Samlinga er eit glimrande høve å vise både DN og dei andre prosjekta kva vi har gjort i Lom.

Landsbyrådet og andre har ytra at dei ønskjer ein grundig evaluering i løpet av hausten. I dette arbeidet bør ein da også allereie i haust leggje ein plan for kva som bør/ skal gjerast inn mot sommarsesongen 2012.

Tiltaksperioden for Liv i Lom- prosjektet blir avslutta ved årsskiftet, og ein må bruke dei påfylgjande vintermånadene til å avslutte og evaluere prosjektet. Verdiskapingsprogrammet går vidare fram til og med 2013, så ein lyt avklare korleis denne delen av prosjektet skal driftast vidare framover. Både korleis prosjektet skal organiserast vidare framover, samt korleis ein skal dekkje kravet om eigeandel, må bli drøfta forut for arbeidet i budsjettutvalet tek til for fullt.


  • Tips ein ven