Bilde av raset ved Glømsdalsvegen

Steinras ved Glømsdalsvegen

Det har gått steinras ved Glømsdalsvegen mellom Glømsdal og Visbrua torsdag den 23. mai 2013  ca kl 18.00.
Raset som  har losna i øvre del av fjellsida og har gått over vegen med store steinblokker i breidde ca 80 meter.

Vegen er  stengt for trafikk og ferdsel inn i området.

Kommunen har  i samarbeid med lensmannen i Lom og operasjonssentralen på Lillehammer,  rekvirert geoteknisk kompetanse for å vurdere tryggleiken i forhold til å få opna vegen igjen.

Veganlegget er tilkomst til gardsbruket Glømsdal og seterområde på Hovde.

 

Flaum - beredskap

Lom kommune har beredskap og fylgjer utviklinga med bekker og elver som kan fløyme over. Ber om at alle fylgjer med og varslar dersom det oppstår situasjonar eller er overhengande fare for at situasjonar kan utvikle seg.  Kommunen sine beredskapsansvarlege er å treffe på fylgjande telefonnummer:

Bjarne Holø:  901 12 400 Bjørn Bakke: 909 47 300

 

Tips ein ven Skriv ut