Huskonsert 4.klasse Loar nov. 2013

Huskonsert 4.klasse Loar nov. 2013

4.klasse med flott konsert

Stinn brakke på huskonsert

4.klasse inviterte til huskonsert i klasserommet fredag 8.nov. Både heimar og andre klasser stilte viljug opp og fylte opp konsertlokalet og vel så det. Det angra dei ikkje på. Dei flinke 4.klassingane hadde eit rikhaldig og variert program. Her var det song, diktlesing, spel på fele, tvaurader og blokkfløyte, solosong og gruppeframføring. Det heile glei fint. 4.klassingane kan vera stolte av både framferd og framføring. Dei frammøtte fekk med seg ei flott oppleving denne fredagsstunda.

Stinn brakke på huskonsert i 4.kl. nov. 2013
Stinn brakke på huskonsert i 4.kl. nov. 2013

Det var trongt, men triveleg på huskonserten hjå 4.klasse.

Tips ein ven Skriv ut