Skredfare kan vere ei utfordring i Lom kommune

Støtte til skredfarevurdering for private aktørar

I nytt regelverk for bruk av næringsfondet (godkjent 7.7.2017) har Lom kommune vedtatt at næringsfondet kan brukast til å gi tilskot til skredfarevurderingar som private aktørar må gjennomføre. Reglane for ordninga og korleis du kan søkje om tilskot kan du lese om under.

Støtte til skredfarevurdering for private aktørar

Dette står i nytt regelverk:

"I byggjesaker for vidare utvikling av etablerte bebygde eigedommar kan tiltakshavar søkje kommunen om tilskot for medfinansiering av fagleg skredfarevurdering utført av geolog. Eit eventuelt tilskot er avgrensa til maksimalt kr. 10.000 pr. søkjar, og kan ikkje utgjera meir enn 25 % av dokumentert kostnad. Enklaste førebyggande tiltak er å unngå bygging i registrerte fareområde. Tilskot for å avklare moglegheiter for nyetablering i slike område kan ikkje påreknast".

Valg av geolog / selskap er opp til tiltakshavar, men det må vere selskap som har tilstrekkeleg fagkompetanse. Det er berre eksterne kostnadar som blir dekt (ingen eigeninnsats).

Kva bør søknaden innehalde?

Ynskjer du å søkje om tilskot? Da må du sende ein enkel søknad på e-post til post@lom.kommune.no , eventuelt levere søknaden i papir til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller i servicetorget.
Merk den «Søknad om tilskot  til skredfarevurdering».

Søknaden må innehalde desse opplysningane:

- Gards / og bruksnummer
- Kva slags eigedom det er snakk om (driftsbygning, bustadhus, seter eller liknande). For å få tilskot eigendom vere bebygd frå før.
- Kontonummer som tilskotet skal utbetalast til
- Fakturadokumentasjon og kven som har gjennomført kartlegginga. Ttilskotet blir utbetalt etter at skrefarekartlegginga er gjennomført.

- Om rekninga har vorte betalt gjennom ei bedrift som har fradrag for inngåande moms, eller om den er betalt som privatperson.

Ta gjerne kontakt med Åshild M. Amundsen (næringssjef) dersom du har spørsmål.
Kontaktinformasjon: ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977

 

Tips ein ven Skriv ut