Ein stolt ordførar Bjarne Eiolf Holø får overlevert nøkkelen til Utgard frå hovudentreprenørane Sebb AS ved Trond Jøingsli og SGS bygg AS ved Ola Steinehaugen

Ein stolt ordførar Bjarne Eiolf Holø får overlevert nøkkelen til Utgard frå hovudentreprenørane Sebb AS ved Trond Jøingsli og SGS bygg AS ved Ola Steinehaugen

Stor dag i Lom - Utgard er ferdig!

Dagen blei markert med inviterte samarbeidspartnerar med kulturinnslag, taler og god mat.
Drifts- og salsansvarleg Monika Øyen opner med å ynskje velkome til Utgard og velkomen til bords. Astrid Sulheim og Reidar Svare startar markeringa med eit flott kulturinnslag.
Ein stolt ordførar Bjarne Eiolf Holø får overlevert nøkkelen til Utgard frå hovudentreprenørane Sebb AS v/Trond Jøingsli og SGS Bygg AS v/ Ola Steinehaugen som fekk mykje skryt under markeringa.

Toastmaster Bjarne Eiolf Holø

- Velkome til Utgard og gratulerer med dagen. Dette er ein stor dag vi har venta på i mange år, og det seies at den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. Vi har fått eit fantastisk flott resultat og hatt mange flinke lokale handverkarar, fortel ordføraren og ønskjer alle velkomen attende til opningshelga og ved fleire arrangement seinare.
 

Dette har vi venta lenge på

Administrasjonsjef Ola Helstad gratulerar alle med dagen. - Prosjektet har vorte eit kjempe flott resultat og eg er glad for og takkar for tilliten eg har fått som leiar i styringsgruppa. Her i dag har vi eit godt eksempel på fleirbruk; Astrid Sulheim er doktor og spelar i dag fele her, medan Reidar Svare som er musiker driv no å serverar mat på denne markeringa. Heilt sidan eg begynte her i Lom kommune i 1992 har det vore i større og mindre grad prat om idrettshall, men det blei ikkje før hausten 2010 lagt trykk på det, og allereie hausten 2011 blei det gjort vedtak. Det er temmeleg fort!

Gåver frå gode naboar

Skjåkordførar Rolv Kristen Øygard kom med puter med motiv frå nabokommunane.
- Dette vart ei vellukka investering! seier Øygard og gratulerer Lom kommune med flott nytt bygg.

Vidareåande skule har allereie erfaring med bruk av bygget

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Lom flytta inn i Utgard allereie ved skulestart i haust. 2 elevar frå skulen ville på vegne av elevane ved skulen takke for eit flott bygg og uttalar samtidig at dei gler seg til å få nytta styrkerommet og spinningrommet aktivt.

 

Rojo-arkitekter

Arkitekten frå Rojo-arkitekter kom òg med ei tale.
- Det er spesielt og kome til eit bygg som du har teikna som er verkeleg. Eg er glad, audmjuk og stolt for å ha fått teke del i dette og eg vil takke alle som har delteke. Gratulerer med dagen.

Tips ein ven Skriv ut